Av:
Linda Nødseth
Ventetida for planlagd behandling ved sjukehusa i Helse Førde gjekk ned frå 89 til 72 dagar frå 2003 til 2004.
Dette er betre enn den gjennomsnittlege ventetida i Helse Vest, som i desember 2004 var på 89 dagar.
Skal bli enda betre
For Helse Vest er dette ein nedgang på 125 dagar sidan sjukehusreforma vart sett i verk, men ventetida skal ytterlegare ned.
Det skriv styreleiar May Vik i ei pressemelding.