Hopp til innhold

Kortare ventetid i Helse Førde

Ventetidene i Helse Førde er redusert med 11 dagar sidan august og er lågare enn på lang tid, skriv Helse Førde i ei pressemelding. – Dette er ei gledeleg utvikling. Vi har ein heilt annan situasjon no enn for berre eit halvt år sidan, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik. Ved utgangen av september var ventetida 64 dagar, tilsvarande tal for august var 75 dagar.