Hopp til innhold

Kortare ventelister

Ventelistene ved sjukehusa i Sogn og Fjordane går ned. Ventetida er no 86 dagar, og det er ein nedgang på 43 dagar etter at sjukehusreforma vart innført.

- Men psykiatrien står framleis i stampe, og det er ikkje haldbart, seier pasientombod Ove Mjåtveit.

For framleis er det lange ventelister innan psykiatrien og rusomsorga, Ove Mjåtveit påpeikar at dette er erklærte satsingsområder frå staten, og at det burde vere mogleg å betre tilbodet  

Og fagdirektør Odd Søreide  i Helse Vest vedgår at tilbodet er for dårleg, han innser at det no hastar med å få eit betre tilbod på plass.

Og Mjåtveit meiner at det ikkje burde stå på pengane, når denne satsinga er så prioritert av sentrale myndigheiter