Hopp til innhold

Kor mykje taper Ap i Årdal?

ÅRDALSTANGEN/ØVRE ÅRDAL (NRK): Til vanleg er det einaste spenningsmomentet ved vala i Årdal kor nær Arbeidarpartiet kjem 80 prosent. I år reknar dei fleste med at partiet og ordførar Arild Ingar Lægreid kjem til å tape mange veljarar til andre parti.

Arild Ingar Lægreid

TRUR PÅ GOD OPPSLUTNAD: Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) trur andre parti vil kapre nokre veljarar, men ikkje så mange at han må ut av kontoret sitt i rådhuset.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vallogo

For industrikommunen inst i Sogn har vore gjennom ei turbulent tid der konfliktane mellom dei to tettstadene i kommunen har kvesst seg til. Kommunestyret har vedteke at Årdal berre skal ha eitt legesenter, og at det skal vere i Øvre Årdal, der Helsehuset no er i ferd med å bli bygt om.

Det har falle folk på Årdalstangen tungt for brystet. I tillegg har den eine etter den andre av forretningane på Årdalstangen blitt lagde ned, og mange tangingar ser dette som resultatet av ei medviten satsing på Øvre Årdal som senter for handel.

– Får seg ein på nasen

På gata mellom nedlagde og nedleggingstruga butikkar på Årdalstangen gir tre tilfeldige personar uttrykk for frustrasjonen.

– Eg trur at Arbeidarpartiet får seg ein på nasen. Dei er litt for arrogante og trur dei kan gjere som dei vil. Dei investerer og brukar pengar dei ikkje har. Dei får nok fleirtal, men ikkje så stort som det normalt er, seier den eine.

– Eg trur tangingane kjem til å svikte Arbeidarpartiet i år, særleg på grunn av Helsehuset i Øvre Årdal. Det var dropen som fekk begeret til å flyte over. Dei som kjem til å tene på det er Senterpartiet, seier ei anna.

Dei to andre nikkar, og alle tre vurderer Senterpartiet som det partiet dei mest truleg kjem til å røyste på den 14. september.

Helsehuset i Øvre Årdal

STRIDENS KJERNE: Helsehuset i Øvre Årdal, der arbeidet med ombygging er i gang.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Bygdelista for Tangen»

For Senterpartiet med unge Aleksander Øren Heen på topp kjem til å gjere eit godt val blant tangingane. Dei gjorde det godt også i 2011 med 14 prosents oppslutnad og tre mandat, men denne gongen er det venta endå større oppslutnad om det som folk i Øvre Årdal kallar bygdelista for Tangen.

I inneverande periode har Arbeidarpartiet hatt 16 av 21 mandat i Årdal, Høgre har berre eitt. Men også dette partiet tek mål av seg til å forsyne seg av misnøgde Ap-veljarar. På topp har Høgre Knut Arne Klingenberg, som har 20 år bak seg i kommunestyret for Arbeidarpartiet. I vår melde han seg ut.

– I dei to siste periodane, mest den siste, føler eg at det har vore for dårlege demokratiske prosessar. Det har vore for få personar involverte i avgjerdene i tunge saker, mellom anna synest eg det er ille at vi ikkje har greidd å byggje fleire sjukeheimsplassar.

Han trur Arbeidarpartiet kjem til å gå ein god del tilbake, kanskje så mykje at dei misser det reine fleirtalet

– Eg går inn for at vi skal vinne valet, og at vi får veljarane med på å gjere endringar som er til det gode for Årdalssamfunnet.

Knut Arne Klingenberg

KLAR TIL KAMP FOR HØGRE: Knut Arne Klingenberg har raude roser frå eigen hage på bordet, men kjem ikkje til å dele ut raude roser i denne valkampen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kreft ingen hindring

Knut Arne Klingenberg har nett vore gjennom ein kreftoperasjon, men det hindrar han ikkje i å drive valkamp for Årdal Høgre.

Det einaste som hemmar han er at han har litt problem med å snakke heilt tydeleg etter å ha blitt operert i tunga. No er han sjukmeld etter kreftoperasjonen, men alt han har vore gjennom helsemessig skal ikkje gå ut over innsatsen i valkampen, seier han.

– Tvert imot. Eg har seks veker framfor meg med behandling, og eg har litt problem med å snakke på grunn av nokre sting i tunga. Men eg er optimist, og forma er i ferd med å kome tilbake, så eg har ikkje noko problem med det.

Arild Ingar Lægreid

SIKTAR MOT 70 PROSENT: Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje arrogant

Arild Ingar Lægreid har vore ordførar i Årdal i tre periodar og har sagt ja til å stille som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet også dei neste fire åra. Han er ikkje samd i at partiet har opptredd arrogant, slik folk på gata på Årdalstangen meiner.

– Vi har sjølvsagt arbeidd med dei utfordringane som Årdal har stått overfor. Alle dei utfordringane vi har hatt i det siste har heile kommunestyre vore med på å løyse på ein god måte, så godt som vi kan.

– Eg trur vi må gjennom mange tøffe utfordringar i tida framover. Vi har vore godt vane, vi har hatt god råd, men dette blir vanskelegare framover, og eg trur vi må ta mange utfordringar i lag, og det trur eg årdølane vil greie, seier Lægreid.

– Vil Arbeidarpartiet greie å halde på reint fleirtal?

– Ja, det trur eg. Om vi greier 70 prosent får tida vise, men målsettinga er å oppnå det denne gongen og.

Og misnøya med avgjerda om å samle legetenestene i Øvre Årdal trur han vil legge seg etter kvart.

– Eg trur årdølane blir godt nøgde med eit flott, samla helsetilbod. Vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er blitt betre og betre dei siste åra. Vi har brukt nokre pengar på dette og med å sikre Naustbukttunnelen mot ras. Så eg trur årdølane vil avfinne seg med det som har skjedd.

Som normalt i Øvre Årdal

Storparten av veljarane i Årdal bur i Øvre Årdal, og der trur dei at mobiliseringa om Senterpartiet og andre parti ikkje vil ta så mange mandat frå Arbeidarpartiet. På Torget i Øvre Årdal gav ein eldre kar uttrykk for det dei fleste der meiner.

– I Øvre Årdal blir det som det har vore.

– Så du kjem til å røyste på Arbeidarpartiet i år og?

– Ja.