Hopp til innhold

Kor lenge varer eigentleg jula?

Enkelte har kvitta seg med jula og juletreet for lenge sidan. Tradisjonen seier jula sluttar "tjuandedagsjul". Kva tid er det "rett" å hive ut juletreet?

Juletreet

'DU GRØNE, GLITRANDE ...': Eit av julas viktigaste symbol er juletreet, pynta etter alle kunstens reglar i heimen til Per Rune Vereide.

Foto: Per Rune Vereide

– Eg lever i den trua at når tjuande-dagen kjem så kjem Knuten og hjelper meg å rydde jula ut. Så eg satsar på at det skjer i år og. Det seier Per Rune Vereide frå Gloppen. Han posta i går eit innlegg på Facebook der han minna folk om tradisjonen.

For det heiter seg at "Tjuande dags-Knut jagar jula ut"- det vil seie at 13. januar var det slutt på jula – skal vi tru Wikipedia.

– Viktig å halde på tradisjonane

– Eg held på dei gamle tradisjonane at det er tjuande dag jul som er siste dag jul. Så hos meg blir jula ståande til den dagen. Eit atterhald er viss juletreet ramlar saman eller alle nålene dett av, så kastar eg det ut før, humrar han.

Innlegget på Facebook har vekt sterkt engasjement, og har fått mange kommentarar. Enkelte påpeikar det stikkande faktum at juletreet til dels allereie har byrja å gå ut sjølv...

– Ja det kan vere eit poeng at nålene ramlar av. Men vi får slå litt ring om juletreet. Eg er fornøgd for eg har fått mykje støtte og trur ikkje eg er heilt åleine om å halde på tradisjonen.

Julefeiringa er flytta

Han registrerer at fleire byrjar tradisjonen med å bu seg til jul tidlegare enn det som var vanleg før.

– Eg registrerer at enkelte set opp treet nesten før 1. desember og kastar juletreet ut omtrent i det same jula er over. Så det er mange som har flytta julefeiringa, synest eg. Eg er oppvaksen med at julepyntinga skal skje veslejulaftan og så blir det ståande til 20. dagsjul.

Vereide understrekar at det heldigvis ikkje er noko lov for kva tid jula er ferdig.

– Heldigvis er dette opp til kvar enkelt å finne sine tradisjonar. Det er ingen som seier korleis det skal vere.