Hopp til innhold

Koplar ikkje svikt med dødsfall

Fylkeslege Per Stensland seier at fylkesmannen tek avstand frå koplinga mellom svikt i Sogn barnevern, og dødsfallet til ei ung jente. Barnevernet i Sogn fekk skarp kritikk av fylkeslegen etter at dei hadde funne fleire alvorlege brot på rutinane, men Stensland seier at dei aldri har meint noko om årsaka til at den omtalte jenta døydde.

Fylkeslege Per Steinar Stensland
Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord