NRK Meny
Normal

Koomson sikra siger mot Brann i generalprøven

BERGEN (NRK): Åtte minutt brukte Gilbert Koomson på å tvinge fram eit sjølvmål og så scora han enkelt aleine gjennom med Brann sin keeper, etter å ha parkert Brann-forsvaret.

Gilbert Koomson på La Manga

GLIS: Gilbert Koomson stod bak begge måla til Sogndal og var sterkt delaktig i å snu kampen.

Foto: Kjell Joran Hansen / NRK

– Dette var eit kraftig steg i riktig retning, spesielt etter dei kampane vi har spilt i det siste, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter kampen.

Eirik Bakke

BLID: Etter tre strake tap og 11 baklengsmål var smilet tilbake hjå Eirik Bakke etter sigeren mot Brann.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

For etter at dei kom under 1–0 i første omgang, snudde dei til 2–1 siger etter kvilen.

I hovudrolla, Gilbert Koomson, som først kom seg laus på kanten etter ein times spel og slo ballen knallhardt inn framfor mål mot Martin Ramsland. Ballen gjekk via Brann-keeper Alex Horwath og trilla under han og over streken.

Og berre åtte minutt seinare var han frampå igjen. Han starta løpet på eigen halvdel, parkerte heile Brann-forsvaret og kom aleine gjennom med keeper. Der var han iskald og trilla inn sigersmålet.

– Vi sprang dei i senk og heile laget jobba bra. Det er mykje positivt vi kan ta med oss frå denne kampen, men vi skal ikkje ta heilt av, seier Bakke.

Tøff start

Men det var Brann som starta kampen best og etter berre fem minutt fann Fredrik Haugen Torgeir Børven med eit innlegg frå kanten. Børven heada ballen tilbake i det hjørnet innlegget kom frå og sikra 1–0 til Brann.

Så kom Sogndal meir med i kampen, og det var Martin Ramsland og Bendik Bye i hovudrollene. Midtvegs i første omgang hadde Bye ballen i mål, etter eit perfekt gjennomspel frå Ramsland, men linjemannen hadde vinka for offside.

Resten av omgangen bølga fram og tilbake, men Brann hadde eit lite overtak. Den største sjansen fekk Sogndal rett før pause. Ein corner frå Gilbert Koomson hamna til slutt hjå Henrik Furebotn som banka ballen i stolpen.

Returen hamna hjå Chidi på 20 meter, som fekk skutt mot vinkelen, men Brann-keeper Alex Horwath fekk kasta seg så lang han var og avverja.

– Vi skapte mange sjansar og burde ha scora fleire mål, seier Bakke.

LAN

ROSENBORG: Brann-trenar Lars Arne Nilsen gjorde mange bytte i andre omgang, for å spare spelarar til kampen mot Rosenborg onsdag.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

At Sogndal vann var ikkje ufortent, meiner Brann-trenar Lars Arne Nilsen.

– Sogndal var gode og det kunne gått begge vegar, men det vart ei god treningsøkt, seier han.

Brann gjorde mange bytte i andre omgang, sidan dei skal spele «Mesterfinale» mot Rosenborg på onsdag.

Slik stilte Sogndal (4-4-2): Mathias Dyngeland – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Chidibere Nwakali – Martin Ramsland, Bendik Bye.

Slik stilte Brann (4-5-1): 4-5-1: Alex Horwath - Amin Nouri, Jonas Grønner, Vito Wormgoor, Ruben Kristiansen - Daniel Braaten, Fredrik Haugen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen, Deyver Vega - Torgeir Børven.

Slik var kampen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser