Hopp til innhold

Koomson er speleklar for Sogndal

Ghanerasen Gilberg Koomson er endeleg speleklar for Sogndal. Dermed blir han med i troppen mot Rosenborg søndag.

Gilbert Koomson

HAR SIGNERT: Ghanesiske Gilbert Koomson har signert for Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

– Han kjem til å bli ein viktig tilvekst for Sogndal i form av sine gode kvalitetar, seier sportsleg leiar, Håvard Flo, til sogndalfotball.no.

Gilbert har signert ei leigeavtale som held han i Sogndal ut sesongen. Nykomlingen har fått spelarnummer 30, så står det att å sjå om han blir å finne på Lerkendal mot Rosenborg søndag.

– Gilbert er ein spennande spelar, og vi er glade for at papira er i orden. Han er med oss på bussen til Trondheim no, så vi får sjå om han går rett inn på laget, eller om han startar kampen på benken, seier trenar Jonas Olsson.

Stadfesta først, men trekte det tilbake

Fro to dagar sidan stadfesta Tero Sasana at klubbane var samde om ein seks månaders låneavtale, der Sogndal også sikra seg opsjon på å kjøpe spelaren.

Desse opplysningane fekk NRK også stadfesta per telefon. Men noko seinare, opplyste klubben på sine nettsider at dei likevel ikkje kunne stadfeste avtalen.

No er altså likevel avtalen i boks.

Koomson har vore i Sogndal eit par veker, og har fått vist seg fram på trening, i treningskamp og under NTF U19-turneringa på Hamar.

Gilberg Koomson vart henta til ungdomsakademiet til thailandske Tero Sasana som 16-åring etter å ha overbevist for det ghanesiske U17-landslaget.