Hopp til innhold

Ber om betre rutinar innan året er omme

HERMANSVERK (NRK) Kontrollutvalet vil skjerpe rutinane og auke kompetansen blant tilsette og politikarar etter at fylkeskommunen fekk kritikk for ikkje å vere open nok.

Frank Willy Djuvik i kontrollutvalet

RASKT: Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane og leiar Frank Willy Djuvik (Frp) vil ha nye rutinar på plass raskt. T.v. Odd Atle Stegegjerdet (Ap) og t.h. kontrollsjef Einar Ulla.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Innan året er omme skal nye rutinar og ny arkivplan vere på plass. Det skal også ein plan for korleis tilsette og folkevalde skal opplærast om offentlegheit og openheit i forvaltninga av fylkeskommunen.

Det vedtok kontrollutvalet tysdag. Opphavleg var forslaget at rutinane skulle vere på plass om eit år.

– Vi kan ikkje vente med openheit. Dette er utruleg viktig å få på plass, seier leiar i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp).

Bakgrunnen er ein rapport frå Deloitte som viser at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje er open nok. Det gjeld møteinnkallingar, innsyn i dokument og mangelfull arkivering.

Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane

SAMDE: Kontrollutvalet handsama rapporten tysdag. F.v. Lise-May Sæle (H), Klaus Iversen (V), Odd Atle Stegegjerdet (Ap), leiar Frank Willy Djuvik (Frp), kontrollsjef Einar Ulla og Karoline Bjerkeset (Sp).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Alvorleg

– Det er ikkje slik at Sogn og Fjordane ikkje har rutinar og arkivplan. Og det er ikkje slik at vår fylkeskommune er verre stilt enn andre fylkeskommunar og kommunar.

– Men kontrollutvalet ser veldig alvorleg på funna i rapporten. Dette er noko vi er nøydd til å ta tak i, og forhåpentlegvis kan vi bli eit eksempel for andre til å sikre meir openheit og meir offentlegheit i forvaltninga, seier Djuvik.

Vedtaket i kontrollutvalet var samrøystes. Saka går vidare til fylkestinget.

Djuvik seier at kontrollutvalet vil at fylkeskommunen først og fremst skal få på plass gode nok rutinar for korleis dokument skal vurderast og handterast.

Så skal kompetansen hjå dei som tek avgjerdene om dokument og opne/lukka møter, aukast.

– Og ikkje minst må vi vurdere korleis dei nye kommunikasjonsformene som SMS, Messenger, Facebook, Snapchat, korleis informasjon her som kan ha påverknad i saker, skal journalførast i framtida, seier Djuvik.

Etter Fjord1

Paal Fosdal

FRIST: Assisterande fylkesrådmann Paal Fosdal fekk i oppdrag å gjere jobben innan året.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Revisjonsrapporten frå Deloitte vart bestilt av fylkestinget i kjølvatnet av bråket rundt Fjord1-salet, og skuldingar om at fylkeskommunen ikkje spelte med opne nok kort.

– Rapporten viste at nokre rutinar var på plass. Men også at dokument som skulle ha vore offentleg, var blitt unnateke offentlegheit, og omvendt. Det vart påvist manglande kunnskap hjå sakshandsamarar og folkevalde om rutinar og reglar for korleis teieplikta fungerer. Og det har mangla journalføring i postlistene, seier Djuvik.

– Det siste betyr at ingen veit at dokument eksisterer, og då er det umogleg å ha openheit når ingen veit at dei finst. For eit samfunn som baserer si styring på eit demokratisk styresett er føresetnaden at vi kan bli sett i korta, seier Djuvik til NRK.