Kontrollert nedbrenning av hytte
Om du har lagt merke til sterk røykutvikling i nærleiken av Halbrend skule i Førde onsdag kveld, treng du ikkje uroe deg. Ifølgje Alarmsentralen er det Førde brannvesenet som er i gang med ei øving, der dei gjer ei kontrollert nedbrenning av ei gamal hytte.