Kontraktstilbod til Orry Larsen
Peter Orry Larsen har fått eit kontrakttilbod frå Sogndal. Det bekreftar Eirik Bakke til Sogn Avis. Start har også gitt nordfjordingen eit tilbod. Midtbanespelaren står utan arbeidsgjevar etter at Aalesunds Fotballklubb valde å ikkje fornye avtalen med han.