Hopp til innhold

Banken henta fram gamal valuta-kunnskap

FØRDE (NRK): Med 40 nasjonar representerte under EM i vektløfting, måtte banken koste støv av gamal kunnskap.

Valutaveksel

GAMLE KUNSTAR: I Sparebanken Sogn og Fjordane vekslar Anne Mari Stuhaug utanlandsk valuta til norske kroner under EM.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det har vore ganske mykje trafikk her, det har vore eit jamt sig. I skranken sit Anne Mari Stuhaug som smiler til mannen frå Ukraina som kjem med 50 euro som han på engelsk forklarer han vil veksle til norske kroner.

Under EM i vektløfting er 40 nasjonar representerte under meisterskapen, og fleire hundre er frivillige under meisterskapen. Mange av dei tilreisande frå austblokklanda er ein ikkje så erfarne med å betale med kort som i Norge.

Brukar mest kontantar

– Vi har eit meisterskap i byen som har eit heilt anna åtferdsmønster når det gjeld betaling av varer og tenester. Så då måtte vi rett og slett børsta støv av gammal kunnskap og opna gamle tenester slik at dei får legge att pengar i bygda, fortel Elin Aaland i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Elin Aaland

SJEKKA MED ØKOKRIM: Elin Aaland sjekka med Økokrim at det var greitt å utføre veksel med setlar før meisterskapen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Dermed har banken hente fram planer og opna opp for gamle tenester slik at dei kan ta imot utanlandsk valuta som euro, dollar og pund under meisterskapen.

– I Norge brukar vi minibankkort til varer og tenester. Det vi gjer no med å ta imot utanlandsk valuta aukar risikoen. Det er alltid ein risiko med kontantar. Så vi sjekka mot Økokrim før meisterskapen og dei gav godkjenning for dette i og med det var så mange ulike kulturar representerte.

Valutaveksel i banken

JAMT KØYR: Det har vore uvanleg stor aktivitet i skranken for å få veksla til norske kroner så langt under EM.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Smidig løysing for alle

Enkelte land har møtt opp med svimlande summar i kontantar for å gjere opp for seg. Men det var viktig for banken å komme arrangøren i møte.

– Vi er opptekne av at vi skal få gjennomført EM på ein smidig måte. Men det er klart at kontantar inneber frykt for falske setlar og det som har med kvitvasking å gjere, seier Aaland.

Ho understrekar at banken stort sett har med ærlege folk å gjere slik at ho trur ikkje at banken eller arrangøren vil bli lurt.

– Det er spesielt nasjonar frå austblokkland som er mest vande til å bruke setlar til å gjere opp for seg, men vi har løyst det.