Sogn og Fjordane Teater markerar at det er 100 år sidan Per Sivle døydde med ein teaterkonsert. Foto: Sogn og Fjordane teater.
Teatermelding:
Per Sivle - ein teaterkonsert
Sett opp av Sogn og Fjordane teater. Med Torbjørn Halvorsen, Jorunn Torsheim, Per Janke Jørgensen, Odmar Amundsen og Rolf Prestø. Iscenesetjar: Mette Brantzeg. Scenograf: Erik Annar Evensen.
Kjøper du billett til denne framsyninga og ventar deg ei dramatisering av Per Sivle sitt liv og historie, så vil du vente forgjeves. Men eg vil likevel seie du får valuta for pengane. Om enn valuta av noko brokete valør. For denne såkalla teaterkonserten byr på mangt og mykje i ei salig blanding. Dette er både ein konsert med viser, blues og rapp, opplesing av Sivle sine tekstar, og ein historietime. Det siste sette eg pris på, for eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg ikkje veit noko særleg om Per Sivle. Etter premieren laurdag veit eg meir. No veit eg for eksempel at mora fødde tre par gutetvillingar på rad, og at Per Sivle var det einaste barnet som levde. Mora døydde då han var to og eit halvt år, og i dei tyngste stundene meinte Sivle han kunne erindre ansiktet hennar. Då Torbjørn Halvorsen fortalte meg dette med si buldrande stemme, og Jorunn Torsheim si klokkeklare røyst sang dei fyrste strofene av 'den fyrste song', sto faktisk tårene i augene mine. Denne songen har alltid vore spesiell for meg, og når ramma rundt blir Sivle si eiga historie, får den ei ny meining og blir den vakrare for meg enn nokonsinne.
Per Sivle sitt liv er ikkje akkurat ei solskinshistorie. 47 år gamal tok han sitt eige liv, og det er her framsyninga startar. Dei tre musikantane opnar med lystige, leikande tonar, og difor blir kontrasten stor når Halvorsen sine fyrste ord frå scena er om Sivle si gravferd. Samstundes stakar denne kombinasjonen ut kursen for resten av teaterkonserten. For Sivle skriv både om tragedie, politikk og kjærleik, og frå scena kjem det både børseskot og trillande muntre tonar.
Det gir meg ei underleg kjensle av luksus å sitje i salen og bli lest og sunge for. Me er ikkje dei passive tilskodarane som ei vanleg teaterframsyning gjer oss til, avskorne frå skodespelarane som berre er i samhandling med kvarandre. Her er det publikum som står i sentrum, me og Per Sivle. Kanskje trivst eg så godt fordi dette vanlegvis er borna sitt privilegium, og her sit eg som vaksen, medan nokon les og syng for meg. Men born er kjapt ute med kritikken når dei høyrer noko dei ikkje likar, og på same måte var ikkje eg like nøgd med alt eg fekk servert.
Eg hadde gledd meg til å høyre 'berre ein hund', men kombinasjonen av novella kopla med blues fungerte ikkje heilt for meg. Sjølv om innleiinga var ei underfundig samanlikning av Sivle og Elvis som plaga 'tvillinglause tvillingar', så tykkjer ikkje eg bruken av blues var motivert. Det var veldig rart å høyre deler av teksten sunge som blues-refreng. Eg trur den gripande historia ville kome meir til sin rett om Halvorsen hadde lest den. Musikken var fin den, eit døgn etter premieren går eg framleis og nynnar på dei blå strofene, men under framsyninga var det distraherande.
Men musikken fungerer som ein glimrande forsterkar for andre tekstar me får servert. Når Torbjørn Halvorsen fortel om Sivle si største mare, hovudverken som måtte lindrast med morfin og alkohol, får eg meir sympati med Sivle gjennom musikken enn gjennom teksten. Høyr berre kor vondt det må ha vore...
Opplesinga frå boka 'Streik', om arbeidarrørsle i Drammen som møter overmakta i soldatane sine bajonettar, er eit høgdepunkt for meg. Torbjørn Halvorsen les strålande, musikantane fungerer både som skodespelarar og kulissar berre ved hjelp av stemmeband og instrument. Eg blir både gripen av historia, og eg får eit innblikk i Sivle sitt politiske engasjement og ståstad.
Men akkurat i denne bolken, om Sivle sitt politiske liv, misser eg tråden. Eg kan ikkje nok om Norge på andre halvdel av 1800-talet, om nasjonsbygging, parti-historie og målrørsla. Truleg kunne mange i salen meir om dette enn meg, men eg meiner likevel det blir for detaljert. Det er trist å høyre at Per Sivle fekk svikarstempelet utan å skjøne kvifor. Eg tek ikkje på meg all skuld for dette, og trur det hadde gjort seg med meir bakgrunn for teksten om dette temaet.
Det er noko deilig trygt og romsleg med Torbjørn Halvorsen. Han ruvar på scena, og røysta hans er sterk og djup. Og sjølv om han står med tekstane i ei mappe i hendene, er han like mykje skodespelar som opplesar. Somme tider er det teksten som får dominere, andre tider illustrerer han det han les, utan å overdrive. Mest aktiv er han i vossastubben 'Dragsmålet med hinmannen', og akkurat her gjer også faktene seg best. På førehand tenkte eg at for Sivle sine tekstar hadde det passa best med ein nynorskmann, men dette forstyrra meg ikkje. Han framstår ikkje som Per Sivle for meg, men det var vel heller ikkje meininga.
Kontrasten frå snart 70 år gamle Halvorsen til unge Jorunn Torsheim gjer seg godt. Medan Halvorsen er tung og dryg, er Torsheim lett på tå, med ei lys og klar røyst. Som songar er ho glimrande, men ho blir for stiv når ho skal rappe ein tekst, og ein stilisert dans fungerer ikkje heilt.
Musikarane får og vist seg fram, og særleg saksofon-spelet til Per Janke-Jørgensen får meg både til å le og gråte.
I det heile fekk me servert eit utval av dikt, songar og noveller, me får høyre kven Per Sivle var via vener, familie og media, og stort sett fungerer det bra. Bluesen og rappen blir to framandelement for meg, men Sogn og Fjordane teater skal ha ros for å våge å prøve noko nytt til tekstane av og om ein forfattar som døydde for akkurat 100 år sidan.