Hopp til innhold

Heldt konsert for brannoffera: – Det viktigaste er ikkje pengane, men å stå opp for ein nabo

Ordføraren i Lærdal var sjølv publikum då vossingane i går arrangert konsert til støtte for dei brannråka i nabokommunen.

Linda Eide var konferansier på konserten på Voss til støtte for dei brannråka i Lærdal

KONSERT: Linda Eide var konferansier på konserten til støtte for dei brannråka i Lærdal.

Foto: Terje Nesthus

Etter at storbrannen råka Lærdal-samfunnet natt til sist søndag er det mange som har ville vise si støtte. Frå fleire nabokommunar har det blitt samla inn klede og utstyr til dei som har mista alt, og i Voss tromma innbyggjarane saman til støttekonsert.

Då konserten gjekk av stabelen søndag kveld var det med fleire lærdølar i salen, både vanlege folk, ordførar og varaordførar.

Trude Storheim er dagleg leiar i Vossajazz og initiativtakar til konserten. Ho gler seg over det dei fekk til.

– Det vart ein veldig, veldig bra konsert. Lærdal er ein god nabo for oss vossingar, og når det skjer vanskelege ting er det viktig at naboane stiller opp, seier ho.

Ho snakka sjølv med Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim etterpå.

– Han var veldig godt nøgd, seier Storheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lena Skjerdal var ein av artistane på konserten på Voss til støtte for dei brannråka i Lærdal

VARIERT PROGRAM: Lena Skjerdal frå Sogndal var ein av dei mange artistane som stilte opp på støttekonserten på Voss.

Foto: Terje Nesthus

– Det viktigaste er å gjere noko

Jan Geir Solheim tilstades på støttekonserten på Voss

ORDFØRAR: Jan Geir Solheim i Lærdal hadde teke til Voss for å få med seg konserten.

Foto: Terje Nesthus

Til alt hell vart ingen personar alvorleg skadde i storbrannen i Lærdal sist helg. 40 bygg gjekk tapt, blant dei 17 bustadhus. Mange familiar står att utan noko, og mange er prega av opplevinga der dei vart evakuerte frå ei bygd i brann.

Storheim seier det var viktig for vossingane å gjere noko for å vise solidaritet med dei som vart råka.

– Vi vart alle veldig skaka av å sjå kor dramatisk det var i Lærdal med den omfattande brannen, seier Storheim og held fram: – Det viktigaste var å gjere noko.

Linda Eide var konferansier på konserten, medan artistlista inneheldt namna Berit og Kåre Opheim, Tom Karlsrud, Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes, Lena Skjerdal, Twang gang, The Vossa Rebels, og dei to lokale ungdomane Einar og Bendik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kongeparet fekk sjå brannområdet i Lærdal på nært hald

KONGEBESØK: Kongeparet var sist veke på besøk i Lærdal for å sjå brannbygda på nært hald. – Det ser ut som ei krigssone som dei seier, sa Dronning Sonja etterpå om dei sterke inntrykka.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Samla inn 30.000,-

Billettinntektene frå konserten går uavkorta til aktivitetsskapande tiltak for barn og unge i Lærdal. I tillegg er det mogleg for folk å setje inn pengar på kontonummer 9581.13.35615.

Med 140 publikummarar er det til no samla inn 30.000 kroner, fortel Storheim.

– Det vart veldig, veldig bra. Aller helst skulle vi hatt fullt hus, men vi er veldig nøgde alt i alt. Det var god stemning, og for dei som var der var det ei fantastisk oppleving.

Samtidig understrekar ho at det viktigaste med konserten ikkje var å samle inn pengar.

– Det viktigaste er ikkje pengane oppi dette, men å gjere noko. Mange seier vi i Norge har alt vi treng, og at dei som blir råka får hjelp av både forsikringsselskap og det offentlege. Og det er sant. Men det er ikkje det dette handlar om.

– Det handlar om å reise seg opp for ein nabo som har opplevd noko vanskeleg. Det går an å ha to tankar i hovudet samtidig, både å gjere ting når det skjer store tragediar ute i verda, men også gje ei handsrekking til folk i vårt eige land, seier Storheim.

Solidaritetsgudsteneste

GUDSTENESTE: Søndag var det solidaritetsgudsteneste i Hauge kyrkje i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving