NRK Meny
Normal

Konkurskrangel enda i retten

Konkursen i Blaalid verftet på Raudeberg enda i pengekrav mot leiinga ved verftet frå to verksemder, der ei er frå Vågsøy. Men saksøkarane tapte i retten.

Skipsverftet Blaalid AS på Raudeberg i Vågsøy.

KONKURS: Skipsverftet Blaalid AS i Vågsøy gjekk konkurs hausten 2011.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det var hausten 2011 at Blaalid AS gjekk over ende, det tradisjonsrike verftet har ein lang historikk heilt tilbake til 1922. Fleire av underleverandørane vart sitjande att som kreditorar etter konkursen.

Verksemdene Ulvesund Elektro AS frå Måløy og Saltek AS frå Ulsteinvik har i ettertid kravd at den dåverande leiinga ved verftet skulle stå personleg økonomisk ansvarleg for tapa leverandørane hadde hatt.

Vart samde i retten

Kravet har blitt retta mot tidlegare dagleg leiar Terje Hveberg, styreleiar Ivar Myklebost og styremedlem Asbjørn Horn. Under dag tre av hovudforhandlingane bestemte saksøkarane og Myklebust og Horn at dei ville semjast om eit rettsforlik, men ville la retten avgjere sakskostnadane.

Årsaka er forklaringane som Myklebust og Horn gav i retten, som gjorde at saksøkarane meinte det ikkje var grunnlag for å rette styreansvar mot dei to.

Kravet mot Hveberg på ein sum oppover avgrensa til 2,8 millionar til Ulvesund Elektro AS, og på 611 000 kroner til Saltek AS vart handsama av retten, men enda i at Hveberg vart frifunnen.

Hadde stor gjeld

Det året verftet gjekk konkurs hadde Blaalid AS tre større utrustingsoppdrag. Saksøkarane meinte at Hveberg, fordi han var dagleg leiar og styremedlem, har vore uaktsam i verva sine. Burevisor har kritisert korleis Blaalid AS følgde opp økonomien. Hveberg oppdaga ikkje den alvorlege økonomiske situasjonen i tide meinte saksøkarane. Gjelda ved konkursopning var på 28 millionar kroner.

Forsvararen til Hveberg meinte på si side at det verkar høgst uklart kva handlingar Hveberg har gjort som skal leie til erstatningsansvar.

Heller ikkje burevisor har vore konkret på kva som skal ha vore dårlege økonomiske rutinar. Advokaten viser også til at Ulvesund elektro var godt orientert om at Blaalid AS i periodar hadde anstrengt likviditet.

Handla ikkje aktlaust

Retten har lagt vekt at Blaalid AS gjorde opp ei rekkje større fakturaer så seint som august 2011. Fakturaene som saka gjeld hadde forfall i oktober/november 2011 altså etter konkursen. Styret og dagleg leiar meinte heile tida at selskapet hadde pengar, heilt til ein blei klar over den kritiske situasjonen i oktober 2011 og raskt valde å melde oppbod.

Retten meiner at selskapet følgde opp økonomien, men at dei kanskje ikkje skjønte sitt eige rekneskapsprogram, som nyleg hadde blitt bytta ut.

Uansett meiner dei at den daglege leiaren ikkje har handla aktlaust.

Retten bestemte at Hveberg skulle frifinnast. Saksøkarane tapte med det saka fullstendig og må betale 900 000 kroner i advokatutgifter som Hveberg, Myklebust og Horn har hatt.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast