Hopp til innhold

Konkluderte med lovbrot i konsulentsaka

Kontrollutvalet meiner det ikkje er tvil om at fylkeskommunen braut lova om offentlege anskaffingar med konsulent-kjøpa i Fjord1-saka.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og ass. fylkesrådman Paal Fosdal

Fylkesrådmann Tore Eriksen greia ut om kva som skjedde i konsulentsaka, men ville ikkje seie at han braut lova.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Kontrollutvalet har vedteke at Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved fylkesrådmannen, har kjøpt tenester i strid med lova om offentlege anskaffingar, på seks av sju punkt. Det bestemte dei i ettermiddag etter eit møte med fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkesrådmannen ville ikkje seie at han og staben hans har brote lova. Han la under heile møtet vekt på at det er stor skilnad mellom det ein no kan vurdere i ettertid, og korleis det såg ut då avgjerdene vart tatt.

Åleine

I tillegg la han vekt på at saka må sjåast i samanheng med at han vart sittande for mykje åleine med juridiske vurderingar kring konsulentkjøpa.

– Om eg skal vere etterpåklok kan eg seie at eg i for stor grad vart sittande åleine med dette. Prosessen vart større, lenger og meir komplisert enn venta. Vi hadde nok ikkje den juridiske kompetansen vi skulle hatt i fylkeskommunen. Vi både har og hadde for få som kunne jussen godt nok, sa Eriksen til kontrollutvalet under møtet.

Han har ikkje sagt rett ut at han og staben hans har brote lova om offentlege anskaffingar, for han meiner det kan vere fleire nyansar enn det rapporten har med. Likevel nektar han ikkje for at lovene knytt til kjøpa av desse tenestene, har blitt brote.

Fylkesrådmannen seier med dette at han ikkje har brote lova om offentlege anskaffingar, men at han no ser at han ville ha gjort ting annleis.

Misnøgd

Kontrollutvalet er i si vurdering av saka misnøgde med at fylkesrådmannen seier at lova ikkje er brote.

– Det er ikkje eit mål at rådmannen skal legge seg flat. Men det er eit problem å ikkje innrømme at ein har gjort noko gale. Då kan ein kome til å gjere det igjen, seier Frank Willy Djuvik som er leiar av kontrollutvalet.