Kongevegen er 360 år gamal, og var ein del av den gamle postvegen mellom Bergen og Christiania.
UP-kontroll
Det er restriksjonar på kor fort større båtar kan gå i fjorden mellom anna for å hindre at fundamentet for den gamle vegen skal bli utgrave.
Etter at fjorden kom på verdsarvlista til UNESCO er det venta auka trafikk i området, og politiet vurderer difor å gjennomføre fartskontrollar.
Har pengar
Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier det vil skje ei utbetring av Kongevegen langs Nærøyfjorden. Yndesdal seier dei har pengane som skal til for å iverksetje naudsynte tiltak.