Hopp til innhold

Kongeskipet i Nordfjord

Kongeskipet «Norge» låg fredag morgon utanfor Almenning i Vågsøy.

Kongeskipet Norge ved Almenning

OPPANKRA: Kongeskipet 'Norge' ved Almenning.

Foto: Bjarne Eldevik

Johnny Svoren frå Bryggja var mellom dei som kjende att skipet då han var på veg til jobb på Trollebø i dag tidleg.

– Eg såg at det var Kongeskipet, det låg oppankra rett utanfor Almenning. Eg hadde tenkt å stanse og ta eit bilete av det, men det gjekk ikkje, for eg hadde bilar bak meg.

– Det var ikkje folk å sjå ombord, det var tidleg om morgonen, så det var nok berre kokkane som var oppe.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kongeskipet Norge ved Almenning

UTAN KONGEN: Kongeskipet er på tokt utan Kong Harald.

Foto: Bjarne Eldevik

Førebur kronprinsreise

Det er på det reine at korkje Kong Harald eller Kronprins Haakon kan vere med kongeskipet til Nordfjord. Begge var til stades under statsråd på Slottet klokka 11 fredag.

Etter det NRK har funne ut er «Norge» på ein rekognoseringstur med tanke på ei reise kronprinsparet skal ut på til Møre og Romsdal 24. til 26. mai.

Det er Kongehuset som eig skipet, men det er Sjøforsvaret som står for drifta. "Norge" vart gitt i gåve frå det norske folket til Kong Haakon i 1947 etter ein innsamlingsaksjon.

«Norge» er eitt av to attverande kongeskip i verda. Danske «Dannebrog». Det norske kongeskipet er bygt i 1937 som yacht for den britiske flyfabrikanten Thomas Sopwith og heitte då "Philante".

Det norske kongeskipet i Tananger tysdag kveld 03. juli 2007

GÅVE FRÅ FOLKET: Kongeskipet 'Norge'.

Foto: Bjørn Grimen / NRK