Kongepokalen glapp på siste forsøk

Ine Andersson var nær ved å få hand om den gjævaste pokalen under senior-NM i vektløfting på heimebane i Naustdalshallen.

Ine Andersson

BESTE KVINNE: Ine Andersson seier forma er i rute med tanke på EM som nærmar seg.

Foto: Ola Bergheim

– Eg synest eg gjorde det bra, men eg er litt skuffa over at eg mista kongepokalen i siste støyten. Det var veldig nær. Det var litt kjedeleg, men alt i alt så synest eg det gjekk kjempebra likevel, seier Andersson, som løftar for arrangørklubben Tambarskjelvar.

Hadde ho klart siste forsøket i støyt på 108 kilo hadde kongepokalen vore hennar. I staden enda ho med 106 kilo i støyt. Dermed fekk Sarah Hovden Øvsthus (Bjørgvin) kongepokalen.

– Forma er i rute

Blant kvinnene vart Andersson den beste frå fylket med samla det tredje beste resultatet i kvinneklassen, der det berre skilde fem poeng mellom dei fem beste.

Saman med lagveninne Marit Årdalsbakke er dei to dei einaste som er tekne ut frå Sogn og Fjordane til EM i vektløfting i år. No er det berre det som tel for Andersson.

– Det er jo ikkje lenge til EM og treninga er jo lagt opp mot det. Dette var jo eit teststemne, og det gjekk jo veldig bra. Og det lovar jo bra med tanke på EM at eg er i rute med forma.

– Bra generalprøve

Også Årdalsbakke er fornøgd med innsatsen sin.

Marit Årdalsbakke

TUNGE LØFT: Marit Årdalsbakke set ny personleg rekord med 91 kilo i rykk.

Foto: Ola Bergheim

– Eg er fornøgd. Dette var jo ein bra generalprøve. No er det berre å trene vidare mot EM og satse på at det vert eit like bra stemne.

Regionleiar i vektløftarforbundet, Ola Bergheim, har god tru på Årdalsbakke og Andersseon når dei snart skal konkurrere mot dei beste i Europa.

– Dei vann kvar sin klasse i NM. Dei hadde glimrande resultat, så vi har god tru på at dei også kan gjere karrierebeste under EM. Vi er på alle måtar godt fornøgde.

Ni medaljar

Dei 14 deltakarane frå Sogn og Fjordane forsynte seg godt av medaljefatet under meisterskapen i Naustdal. Fire gull, to sølv og tre bronse. I alt var det 108 påmelde. Frå Sogn og Fjordane stilte det deltakarar frå Tambarskjelvar, Jølster og Breimsbygda.

Rykte mest

Den beste av mennene frå Sogn og Fjordane vart Vebjørn Varlid, også han frå Tambarskjelvar.

Vebjørn Varlid

TYNGSTE LØFTET: Vebjørn Varlid var den som rykka mest under stemnet med 162 kilo på stanga. Tre kilo meir enn kongepokalvinnaren.

Foto: Ola Bergheim

– Eg er kjempefornøgd. Det vart veldig bra rykk. Eg skulle gjerne ha hatt med meg litt meir i støyten. Men det var så god oppleving å få rykt opp 162 kilo, så det går ikkje an å vere anna enn fornøgd, seier han.

Varlid var den som rykte mest under heile stemnet. Faktisk tre kilo meir ein kongepokalvinnar Kim Eirik Tollefsen (Tønsberg), men sistnemnde løfta litt meir i støyt enn det Varlid klarte denne gongen.

Og i kampen om bestemannspremiane og kongepokalane hadde Varlid samla det tredje beste resultatet i herreklassen.

Klarte EM-kravet – for seint

Varlid har alt sett seg nye mål etter konkurransen på heimebane.

– Eg klarte faktisk EM-kravet under NM no, men det er for seint. Det blir ikkje noko EM på meg. No satsar eg på nordisk til hausten og NM til neste år. Då får eg heller prøve å setje dei meir på plass der, seier Varlid.

Bergheim er elles godt nøgd med innsatsen til dei lokale utøvarane i Naustdalshallen i helga. Han syner blant anna til at Tambarskjelvar har fem menn og tre kvinner blant topp 10 poengmessig under årets noregsmeisterskap.

– Prikkfritt arrangement

Han rosar elles arrangøren for eit prikkfritt avvikla arrangement:

– Det har vore god stemning. Det har vore eit raskt avvikla arrangement med ei triveleg og intim atmosfære, oppsummerer Bergheim.

Lokale resultat:

  • Gull til Sindre Rørstadbotnen (Tambarskjelvar) i klasse 105 kilo
  • Gull til Marit Årdalsbakke (Tambarskjelvar) i klasse 69 kilo
  • Gull til Ine Andersson (Tambarskjelvar) i klasse 63 kilo
  • Gull til Jantsen Øverås i klasse (Tambarskjelvar) 77 kilo
  • Sølv til Vebjørn Varlid (Tambarskjelvar) i klasse 105 kilo pluss.
  • Sølv til Tore Gjøringbø (Tambarskjelvar) i klasse 94 kilo
  • Bronse til Sandra Trædal (Tambarskjelvar) i klasse 53 kilo
  • Bronse til Yngve Apneseth (Tambarskjelvar) i klasse 85 kilo
  • Bronse til Robert Andre Moldestad (Breimsbygda) i klasse 69 kilo