Hopp til innhold

Han måtte evakuere familien før han gjekk på jobb på sjukehuset - i dag fekk han ros frå kongeparet

Først evakuerte han familien frå flammane, deretter jobba han time etter time på sjukehuset. I dag fekk Tom Nordstrand og dei andre sjukehustilsette si takk frå kongeparet.

Tom Nordstrand

FORTALDE OM OPPLEVINGA: Tom Nordstrand er seksjonsleiar på Lærdal sjukehus. Han bur midt i brannområdet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg synest det var ei veldig sterk oppleving, og det var eit utruleg sterkt signal å sende til bygda. Dei gav jo inntrykk av at dei er veldig glade i Lærdal og bryr seg om både bygda og innbyggjarane, seier overlege og seksjonsleiar ved Lærdal sjukehus, Tom Nordstrand.

Evakuerte familien først

Natt til søndag måtte han først sørge for å få sin eigen familie i tryggleik før han sette kursen for sjukehuset der han jobba time etter time for å gje helsehjelp og omsorg. Då kongeparet kom til sjukehuset var han ein av dei som fekk fortelje om sine sterke opplevingar.

– Eg skildra litt korleis det var å bli dratt mellom det private og det profesjonelle, der ein skulle ta vare på familie, barn og hus og samstundes had i bakhovudet at ein skulle organisere på sjukehuset. Vi har hus om lag 100 meter frå der brannen starta, og vi frykta jo at vårt hus skulle brenne ned, fortel Nordstrand.

– På eit tidspunkt så tenkte ein det at ok at no får det berre stå til, no må eg berre dra til sjukehuset og sjå kva eg kan gjere der.

Kongeparet

ROSA HJELPARANE: Kong Harald og dronning Sonja var tydeleg rørt over innsatsen til alle som hjelpte til då storbrannen tok laust i Lærdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kongen rosa samarbeidet

Kongeparet brukte god tid inne på sjukehuset i dag, og snakka med representantar for alle yrkesgruppene som jobbar på Lærdal sjukehus som er det eldste i Sogn og Fjordane.

– Det andre som slår meg er korleis dei forskjellige etatane og vanlege folk har samarbeidd om å løyse dei utfordringane som oppstod. Dei fekk det beste ut av det, og det er vel ein av grunnane til at det ikkje gjekk menneskeliv. Det er imponerande å høyre om samhaldet som var og framleis er her i Lærdal, sa kong Harald då han og dronninga møtte pressa.

– Dei var djupt rysta

Overlege og lokalpolitikar Geir Berge Øverland var svært glad for at kongeparet valde å bruke tid på å snakke med alle som var med dei første hektiske timane av brann- og redningsaksjonen.

Geir Berge Øverland

OVERLEGEN: Geir Berge Øverland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det gjorde veldig stort inntrykk på oss som møtte dei. Kongeparet har jo bakgrunn frå Lærdal, særleg kongen som har vore her mykje. Det var heilt tydeleg at dei var djupt rysta og rørt over det dei hadde sett og opplevd. Det var veldig sterkt for dei, seier Øverland.

Han meiner det er uendeleg viktig for moralen til dei som no skal byggje opp att lokalsamfunnet etter storbrannen på Lærdalsøyri.

Dronninga opna sengeposten

– Dei verka veldig interessert i både sjukehuset og korleis arbeidet var organisert og kva som skjedde. Dei snakka med alle yrkesgrupper her. Dronninga er jo velkjend med sjukehuset, ho var jo her og innvigde sengepostane her i 1973. Noko ho utmerka godt hugsa, fortel overlegen.

Brannmenn, friviljuge, sivilforsvar, heimevern og mange andre bidrog med innsats under og etter brannen som råka 40 bygningar i Lærdal.

Oppe på sjukehuset stod dei tilsette nærast i kø for å jobbe, trass at mange sjølv var direkte og indirekte råka av brannen.

Sigrid Lysne

JORDMORA: Sigrid Lysne evakuerte familien, og drog på jobb natt til søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Heilt avgjerande med sjukehuset

– Eg kom opp på natta, for eg hadde vakt i distriktet. Så når eg hadde fått ut og evakuert familien, så møtte eg her på jobb og visste at her blei det bruk for folk. Eg skjønte jo at det kom inn mange røykskadar, seier jordmor Sigrid Lysne.

Ho meiner som mange andre at det var heilt avgjerande at det framleis er eit sjukehus i Lærdal. Over 400 var innom for å få helsehjelp.

– Det er forferdeleg å tenkje på alle dei som blei råka, det er framleis eit under at ikkje nokon blei alvorleg skada. Det er jo dramatisk, men trass alt kom frå det med livet i behald. Det er ufatteleg.