Kongens Fortjenstmedalje til operaektepar

NORDFJORDEID (NRK): For Kari Pavelich var Kongens Fortjenstmedalje den største overraskinga ho har opplevd. For ektemannen er det spesielt ei hending, som til og med slår edelt metall frå kongen.

Frå 20 års jubileet til Opera Nordfjord på Nordfjordeid

SJÅ VIDEO: Etter over 30 oppsetjingar og 20 år med Opera Nordfjord kunne ekteparet juble for Kongens Fortjenstmedalje. Foto: Steinar Lote.

Etter at premierenervane hadde roa seg på Opera Nordfjord på onsdag, stod heile opera-ensemblet på scena for å hauste applaus.

Plutseleg troppa den dresskledde Nordfjord-ordførarar opp scenekanten. Eid-ordførar Alfred Bjørlo tok fram eit ark og kunne endeleg lese opp setningane mange eldsjeler har kjempa for.

Kari Standal Pacelich og Michael Pavelich blei tildelt Kongens Fortjenstemedalje.

Det gjekk eit høgt gisp gjennom salen, etterfylgt av ein stormande jubel. På scena stod eit overraska og rørt ektepar.

– Vi var dei einaste som ikkje visste noko. Dette er ei ære, og eg blir rørt av kor mange som meiner vi fortener det, seier Kari.

Ei dame frå Ålesund og ein amerikanar har skapt kulturhistorie i ei lita bygd der ingen hadde den fjernaste tanke om at det var opera skulle sette dei på kulturkartet. No har det gått 20 år sidan "Opera Nordfjord" såg dagens lys.

Kari Standal Pacelich og Michael Pavelich

VISSTE IKKJE NOKO OM DET: Ekteparet Kari Standal Pacelich og Michael Pavelich visste ikkje noko om at det skulle få Kongens Fortjentsmedalje.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

– Kari sitt ja slår alt

Etter fleire års hemmeleg, men intenst arbeid av mange eldsjeler, fekk operaekteparet sin heider for 30 år med innsats for kulturlivet. For Kari Standal Pavelich var dette den største overraskinga ho nokon sinne har opplevd, men ikkje for ektemannen.

– Kari sitt ja, då eg spurde om ho ville gifte seg, var ei større overrasking, seier Michael.

– Då kjem vel fortenestemedaljen på ein god andreplass, svarar Kari og ler.

Til saman har Opera Nordfjord på 20 år hatt over 30 oppsetjingar og seld om lag 90.000 billettar. Ekteparet er klokkeklare – dette hadde dei aldri klart aleine.

– Dette deler vi med tusenvis av menneske som har jobba beinhardt for å bygge opp det vi har i dag. Vi hadde ikkje klart det aleine, seier Kari.

Kari Standal Pacelich og Michael Pavelich

20 ÅR: No har det gått 20 år sidan "Opera Nordfjord" såg dagens lys.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK