Hopp til innhold

Han har vore klepparen til Kong Harald, no møter han Kongen som rådmann i Lærdal

Når kongeparet kjem til Lærdal i dag møter Kong Harald klepparen sin i ei anna rolle enn han har når Kongen fiskar i Lærdalselvi.

Rådmannen i Lærdal forteller om kongen som fisker og hjortejeger.

– KJENNER KONGEN GODT: Rådmann Alf Olsen jr. har hatt mange turar langs Lærdalselvi som kleppar for Kong Harald.

For Alf Olsen jr. er både kleppar for Kongen og rådmann i Lærdal. I dag er det rådmannen som møter Kongen.

– Vi i Lærdal set veldig stor pris på at kongeparet kjem, vi er stolte over at dei kjem og uttrykkjer støtte til oss. Det er ei støtte som vi treng for å kome vidare, seier Olsen.

Kong Harald med laks i Lærdal

MED STORLAKS: Kong Harald med eit flott eksemplar av lærdalslaksen.

Foto: Frå boka Sportsfiske i Lærdal

– Kjenner han godt

Som kleppar har han vore tett på Kongen. Olsen har og vore i audiens på slottet.

– Eg kjenner han godt. Eg hadde gleda av å vere med Kongen i elva på slutten av 1970-talet og tidleg på 1980-talet. Sidan har det blitt mindre, men han var her faktisk i fjor.

Fjoråret var den første skikkelege laksesesongen i Lærdalselvi sidan fisket vart stansa på grunn av lakseparasitten gyrodactyluys salaris I 1996.

Kong Harald er sitert på at han har to dronningar, Sonja og Lærdalselvi. Han kom til Lærdal og lærde laksefiske alt som 14-15-åring, og det var far til dagens rådmann, Olaf Olsen , som då var den kongelege klepparen.

– Gode læremeistrar

Kong Harald har også vore på hjortejakt i dei bratte fjellsidene over Lærdal. Men det er laksefisket som har vore lidenskapen, og Alf Olsen jr. seier at Kongen lærde seg dei fleste knepa og teknikkane som skal til for å lure laksen til å bite.

– Han hadde gode læremeistrar, og han vart ein god fiskar. Han lærde seg mellom anna å fiske med tørrfluge med veldig tynt utstyr.

I Lærdal har dei det travelt med å få i gang oppryddingsarbeidet og med å førebu gjenreisinga av husa som gjekk tapt i brannen natt til søndag. Men rådmann Alf Olsen jr. tek gjerne ekstraarbeidet med å ta imot kongeparet.

– Det er hektisk, men det skal vi nok greie, dette er berre kjekt.