Hopp til innhold

Kongeleg besøk på Bulandet

Bulendingane og værlendingane hadde møtt opp mannsterke då kronprinsparet kom til Bulandet like etter klokka elleve tysdag føremiddag.  

Kronprinsparet på Bulandet
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vart ønskt velkomne av Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland på kaia.

Ordføraren var på førehand spent på om veret ville halde seg under besøket, og det gjorde det. Kronprinsparet fekk til og med sjå eit glimt av sola.

Sakna "bulandsbunaden"

Kronprinsparet fekk blomar av Peter Nybø og Lea Nordheim
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Seksåringane Peter Nybø frå Værlandet og Lea Nordheim frå Bulandet fekk æra av å overrekke blomar til kronprinsparet .

Kronprinsparet tok seg god tid å helse på folk langs vegen bort til kapellet der det var song og talar. Skuleelevar og korps framførte "Øyarikets vals" av Rolf Losnegård og Sveinung Fristad.

Mette-Marit heldt tale der ho uttrykte glede over å få komme på besøk til Bulandet. Med eit smil sa ho at det var kjekt at folk stilte i bunad, men at ho hadde venta i sjå fleire i den eigentlege bunaden, nemleg den vatterte kjeledressen. 

Etter besøket på Bulandet reiste kronprinsparet vidare til Svanøy i Flora, der dei var innom Norsk Hjortesenter. Dagen blir avslutta i Florø der det vert program på torget, besøk på Solbakken asylmottak og festkveld i samfunnshuset.

Mange pressefolk

66 journalistar og fotografar frå inn- og utland fylgjer dei kongelege på ferda gjennom fylket. Dei fleste er norske, men det er også eit tysk tv- team på plass i tillegg til journalistar frå Sverige og England.

I løpet av tre dagar skal Mette-Marit og Haakon besøke seks kommunar i Sogn og Fjordane. Etter besøket i Askvoll kommune, går turen vidare til Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid under det tre dagar lange opphaldet.

Kronprinsparet på Bulandet
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

 

Lunsjmenyen som vart servert dei kongelege i dag

Lunsjmenyen til kronprinsparet
Foto: ingen

På båtturen frå Bulandet til Svanøy fekk dei kongelege servert ein lunsj som Tore Skarstein ved Hjørnevikbua Restaurant hadde komponert. Maten var laga av råvarer frå lokale produsentar.