Kong vinter kjem tilbake - vent med dekkskift, seier meteorologen

Det blir snø- og sluddbyer også i låglandet i løpet av søndag kveld og natt til måndag. Det kan bety krevjande køyreforhold viss du har lagt om til sommardekk.

Riksveg 5 i Lundebotn

KVITT: Allereie søndag føremiddag såg vegbana på riksveg 5 mellom Skei og Fjærland slik ut.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

– Det er vel slik at vinterdekka skal bytast ut i morgon. Men eg ville venta til tysdag til vi ser om dei litt høgare temperaturane stabiliserer seg, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Steinar Skare.

Søndag føremiddag var det snøbyer og noko snø i vegbana på fleire av vegane i Sogn og Fjordane. Det er berre ein forsmak på kva bilistane kan vente seg utover dagen.

– Fram til kvelden blir det regn- og haglbyer og snøgrensa ligg på mellom 300 og 600 meter. Det er også utrygt for torevêr. Det har allereie vore litt av det i Sogne-regionen, seier Skare.

Ver obs på slaps i vegbana

Han åtvarar bilistane mot at det kan verte krevjande forhold på vegane, spesielt dersom du har lagt om til sommardekk.

– Eg ville nok venta til tysdag før eg la om. Folk bør generelt vere litt forsiktige på vegane når vêret er som no, seier Skare.

Den oppfatninga deler vakthavande på Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Fylkesveg 60 Utvikfjellet

SNØ: Også på fylkesveg 60 over Utvikfjellet, mellom Byrkjelo og Utvik ligg det snø søndag føremiddag.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

– Nett no ser det greitt ut. Det ligg snø einskilde stadar, men det dekkjer ikkje vegbana. Men kjem ein ut i det slapset som ligg i vegbana, kan ein fort miste kontrollen, spesielt dersom ein har lagt om til sommardekk, seier Erikstad.

Snøen kan komme til å leggje seg

Det blir til dels kraftige byer, og utover kvelden søkk temperaturen endå nokre hakk, og det vert snø- og sluddbyer også i låglandet.

– Vinden dreiar nordaust, vi får liten kuling, og sterk og stiv kuling ved stadt. Snø- og sluddbyene held fram gjennom natta, og då kan det fort bli glatt mange stadar. Ifølgje meldingane kjem det kraftige haglbyer, og eg trur det kan bli liggjande snø til måndag føremiddag, seier Skare.

Temperaturen er venta å gå ned mot null grader fleire stadar i løpet av natta.

– Det ligg ein kaldfront ved Island og den treffer oss i natt, seier Skare.

Meteorologen meiner likevel at temperaturane ikkje vert verande låge lenge.

– Det ser heldigvis ut til at dette berre varer fram til måndag føremiddag. På ettermiddagen ser det stor sett greitt ut, seier Skare.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.