Hopp til innhold

No skal 14-åringar spele 9ar-fotball - reaksjonane let ikkje vente på seg

Leiarmøtet i Sogn og Fjordane Fotballkrets vedtok i går å innføre niarfotball for 13- og 14-åringar frå komande sesong.

Sognefjord Cup 2011

BERRE NI PÅ BANA: Komande sesong blir det niarfotball på 13- og 14-åringane.

Foto: Bård Siem/NRK

Dette inneber at jenter og gutar i denne aldersgruppa skal spele på lag med ni spelarar, bana blir mindre enn når dei spelar med 11 på kvart lag. I niarfotball skal måla plasserast på 16-metrane, og i breidda blir bana redusert med 15 meter.

Dermed blir bana 73x45 meter. Offsideregelen skal gjelde, i motsetnad til i sjuarfotball.

Vedtaket som vart gjort med 14 mot ti røyster har ført til sterke reaksjonar, særleg frå dei store klubbane. Leiar Robert Endestad i fotballkrinsen seier at han forstår reaksjonane.

– Dette er noko heilt nytt. Og kritikken kjem vel helst frå dei som ikkje var til stades på leiarmøtet. Det er 70 klubbar med røysterett, og det var berre 24 klubbar til stades. Det er for dårleg av dei klubbane som ikkje stiller. Vil dei ha noko å seie må dei stille på dei møta der ting blir avgjort.

Robert Endestad

FORSTÅR REAKSJONANE: Leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Leiinga ville vente eitt år

Det var Jotun som kom med framlegget om niarfotball. Leiinga i fotballkrinsen hadde innstilt på at eit utval skulle greie ut dette med tanke på å innføre det i 2014-sesongen, men fleirtalet på leiarmøtet vedtok at det skal innførast alt komande sesong.

Endestad ser at dette kan føre til ein del praktiske utfordringar.

– I dag er banene merkte for sjuarfotball og ellevarfotball, så banene må merkast for niarfotball i tillegg. Men det er slik fleirtalet av klubbane på møtet vil ha det, så difor må vi forholde oss til det.

– Meir borti ballen

Det har vore prøveordningar med niarfotball andre stader i landet, og ifylgje Endestad med positive røynsler.

– Ungane er mykje meir borti ballen, det er fleire involveringar og fleire skot på mål. Eg trur det kjem for fullt, og vi ser elles i fotball-Europa i land som Spania og Nederland at det er spel tre mot tre, fem mot fem, sju mot sju, ni mot ni og elleve mot elleve. Det blir meir av slikt smålagsspel.

Det er dei store klubbane som ikkje har vanskar med å stille ellevarlag som no reagerer mot vedtaket. Deira problem er gjerne at dei ikkje har plass til alle som vil spele fotball.

– Ser ikkje vitsen

Magdalon Sætre trenar eitt av laga i denne aldersgruppa i Sogndal. Han har lite til overs for vedtaket.

– Eg tykkjer at når dei er 13-14 år så er dei nesten vaksne. To år til så er dei seniorspelarar. Vi har hatt eit lag med 12-åringar som har spela ellevarfotball, og det har fungert veldig bra.

Sætre meiner at lag som ikkje har nok spelarar til å stille i ellevarfotball har eit bra alternativ i sjuarfotball.

– Men dette blir desto verre for oss som har flust med spelarar. Til neste år har vi 40 spelarar i småguteklassen, og då må vi kanskje stille med fire-fem lag. Eg ser ikkje nokon vits med niarfotball.

Leiar Arild Melvær i Florø Sportsklubb er meir positiv til vedtaket.

– Dette er bra når vi tenker spelarutvikling, spelarane blir meir involverte. Men det kjem til å by på ein del praktiske utfordringar, for det blir fleire lag, og vi må sjå på korleis dette verkar inn på kampavviklinga.

Arild Melvær

POSITIV, MEN...: Leiar Arild Melvær i Florø Sportsklubb.

Foto: Oddleif Løset / NRK