200 gram smør
150 gram sukker
150 gram brunt sukker
2 egg
275 gram mjøl
1 ts. bakepulver
50 gram hakka sjokolade
50 gram hakka mandlar
Slik gjer du
Rør smør og sukker kvitt og porøst. Rør vekselsvis inn egg, brunt sukker mjøl og bakepulver. Ha i hakka sjokolade og mandlar til slutt. La deigen stå kjøleg ei stund og set kakene på plata med to teskjeier. Dei må ikkje stå for tett, for konfektkakene flyt ganske mykje utover. Konfektkakene steikast på midterste rille i ovnen på 200 grader i 10-12 minutt.