Hopp til innhold

Konditoren ville overraske Hanna (9)...

Hanna Telvik (9) frå Nordfjordeid ynskte seg Harry Potter-kake til bursdagen. Då bestemte Catherine seg for å ta pusten frå ho.

Fekk Harry Potter-kake til bursdagen. Galtvort.

KAKEKUNST: Hanna skulle få kake med Harry Potter-motiv. Det fekk ho.

Foto: Leon Knapskog

Konditoren Catherine Balken har nyleg flytta frå New York til vesle Nordfjordeid. Frå ein kvardag som Executive Sous Chef på Bouchon Bakery i Rockefeller Center, til eit lite bakeri i ei fjordbygd på Vestlandet.

Då Ingrid Oselie Naustdal kom til bakeriet spurte ho om å få ei bursdagskake med "Harry Potter motiv på toppen" til dottera si, men Catherine bestemte seg for å overraske ho med noko heilt utanom det vanlege.

I kaka fekk konditoren hos Minibakeriet på Nordfjordeid plass til både bøker, slottet, toget og gullsnoppen, ballen trollmennene brukar i rumpeldunk.

– Det er moro å gjere slikt, spesielt når det gjer bursdagen bra for eit barn, seier Balken.

Fekk Harry Potter-kake til bursdagen. Galtvort.

KAKA: Delane er kjende for alle som likar Harry Potter.

Foto: Leon Knapskog

Fekk hakeslepp

Ingrid Oselie Naustdal hadde inga aning om den amerikanske eventyr-kaka som stod og venta på ho:

– Eg bestilte ei vanleg rund kake med eit Harry Potter-tema. Då eg henta den i går, så berre wow. Eg prøvde å seie mange engelske ord. Eg var heilt sjokkert. Det var heilt fantastisk.

Så kom stunda då ni år gamle Hanna saman med vennane skulle få sjå den amerikanske draumekaka.

– Ho var vel like stum som mora første gangen. Vi opna kjøleskapet. Ho såg inn, sa ingenting på nokre sekund og var berre heilt overbegeistra. Det var stor, stor stas.

Anna Naustdal ynskte seg ei Harry Potter-kake til bursdagen sin. Kaka ho fekk tok pusten frå ho.

HAKESLEPP: Her får Hanna sjå den enorme overraskinga.

Fekk moglegheita gjennom ein ven

Det var eigar av Minibakeriet, Leon Knapskog, som ynskte å få tak i ein konditor med evna til å gjere det heilt spesielle:

– Når vi fyrst satsar på kake, så må vi vere best. Eg jobba sjølv på resurant med bakeri i USA, så eg spurte gjengen der om det var nokon som kjende nokon som kunne tenke seg eit par år i Noreg.

Dermed gav Catherine slepp på New York for å bu på ein plass med 6000 menneske.

– Eg tykte det var ein god moglegheit, bu på ein ny plass, lære ny kultur, møte nye folk og eg tenkte eg skal gjere det.

Balken seier Nordfjordeid er rolegare enn ho er van med.

– Eg storkosar meg her, her skal eg ha det mykje moro.

Catherine Balken

GLAD: Catherine Balken flytta frå travle New York for å jobbe i eit lite bakeri i Eidsgata på Nordfjordeid

Foto: Harald Kolseth / NRK