Hopp til innhold

– Berre slepp meg!

VASSENDEN (NRK): Han skulle berre ned på vatnet for å sjekke isen. Eit kvarter seinare ligg han i ei open råk på vatnet og kjempar for livet.

Tor Årsnes fortel om ulukke på isen

VART BERGA: Tor Årnes har vakse opp ved sidan av Jølstravatnet. Førre tysdag kunne livet fått ein brå slutt då han skulle sjekke tjukna på isen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Berre slepp meg. Du må berge deg i land, roper Tor Årnes til kona som prøver å hjelpe han opp av det iskalde vatnet.

Men kona slepp ikkje, ho skjønner at det kan få fatale konsekvensar.

– Går han under no så kjem han i alle fall ikkje opp att, tenker kona Else Årnes.

Ho og mannen sit heime i huset sitt og ser ned på Jølstravatnet der 88-åringen gjekk gjennom isen for ei veke sidan. Tilfelle og to forbipasserande vart avgjerande for at dei begge sit der i dag.

Tysdag 27. februar: Sibirkulda har festa grepet over Jølstravatnet i Jølster kommune. Isen har lagt seg over heile vatnet, men den er ujamn. 88-åringen Tor Årnes tek med seg øksa og går ned for å sjå kor tjukk den er.

Huset hans ligg eit steinkast unna barndomsgarden på Årnes på sørsida av Jølstravatnet. Som dei fleste jølstringar har han eit nært forhold til vatnet som strekkjer seg gjennom store delar av kommunen.

20 meter ifrå land, utan førevarsel, forsvinn isen under beina på han når han går utpå.

Han forsvinn ein meter eller to under vassflata. Han ser opp. Lyset trengjer seg gjennom holet i isen og ned i det mørket vatnet. Han klarar å komme seg opp til vassflata. Øksa han heldt i hendene har han slept i fallet. No har han berre hendene å hjelpe seg med i det kalde vatnet.

Tor Årsnes fortel om ulukka då han gjekk gjennom isen

88-ÅRING: Jølstringen fekk ei ubehageleg oppleving då han gjekk gjennom isen på Jølstravatnet. – Tankane gjekk på dei rundt meg, fortel han.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Redningskvinna

Oppe i huset held kona til Tor, Else Årnes, på å rydde og vaske på badet. Det rommet ligg i den delen av huset som er lengst ifrå vatnet.

Ho høyrer skrik og trur først det er svanene som har slått seg vrang nede på vatnet. Ho gjer seg ferdig på badet og det går fleire minutt.

Ein tanke gjer likevel at ho går bort til vindauget og gløttar ned mot isen. Der ser ho noko som gjer ho uroa. Så kjem det igjen, skriket om hjelp.

Ho fer ut i gangen, tek på seg nokre støvlar som står der. Prøver å tenke på kva ho kan ta med seg for å hjelpe vedkommande som ligg i vatnet. Det er framleis ukjend for ho at det er ektemannen som no ropar etter hjelp.

Ho tek med seg ei lang lekte og er på veg ned på vatnet. Når ho nærmar seg forstår ho at det er ektemannen som treng hjelp. Og tida er knapp. Han har allereie lege i vatnet i fleire minutt. Kanskje nærare 10–15. Han veit ikkje kor lenge, men han veit at tida renn ut. Det er snart slutt på kreftene.

– Kva i all verda gjer du her ute? seier ho til mannen når ho kjem ned på isen.

– Hald deg unna! Ikkje kom nærare!, skrik Tor i det Else nærmar seg råka kvar han ligg.

Isen rundt han er berre nokre få centimeter tjukk og no fryktar Tor at Else også skal gå gjennom.

Ho får sendt ut lekta slik at han har noko å halde seg i. Hendene hans er stivfrosne. Han har allereie vore under vatnet fleire gonger. No prøver Else å gjere det ho kan for å halde han vaken og over vassflata. Samtidig skrik ho etter hjelp.

Ingen høyrer ho. Det er ingen å sjå. Ho sit der på isen heilt åleine saman med ektemannen.

Jølstravatnet på vinterstid

JØLSTRAVATNET: Det kjende vatnet er ikkje uvanleg å sjå med is på om vinteren. No har brannsjefen i Jølster send ut åtvaring mot å bevege seg på isen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Vatnet ligg utover isen rundt råka. Else er våt på beina og minusgradene er kalde.

– Berre slepp meg. Du må berge deg i land, roper Tor.

Else snakkar til mannen.

– Du får ikkje lov å sleppe. Du må ikkje sleppe! Det må jo snart komme folk eller ein bil, svarar ho.

Ho forstår at om han no forsvinn under kjem han ikkje opp att. Dei veit begge at det nærmar seg kva dei kan tole.

Redninga kjem

Sørsida av Jølstravatnet er lite trafikkert samanlikna med E39 som går parallelt på nordsida. Likevel vel fleire å køyre på sørsida for å unngå vegarbeidet på E39.

Frå Sogn kjem Arve Halland køyrande på veg vestover. Framfor han ligg ein bil han kjenner att. Den høyrer til Stein Åge Sunde.

Arve Halland ved jølstravatnet

REDNINGSMANN: Arve Halland vart saman med Stein Åge Sunde dei som fekk berga Tor Årnes opp frå isen. Dei vil ikkje bli kalla heltar, men får likevel tittelen av Else Årnes, kona til Tor.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Dei køyrer vestover og nærmar seg Vassenden då dei begge ser ein skikkelse ute på isen som står og vinkar febrilsk. Dei forstår noko er gale og stoppar.

På isen ser Else to bilar som kjem køyrande frå aust. Ho kjem seg opp på kne, held lekta med eine handa og vinkar med den andre.

– No Tor, no blir du berga, seier ho til mannen då ho ser at bilane stoppar.

Til alt hell køyrer Sunde arbeidsbilen denne dagen. Der har han ei lang lastestropp med. Det skal bli redninga for Tor Årsnes som no har låge i vatnet i nærare ein halvtime. Han veit eigentleg ikkje, men han ser at klokka har tatt inn vatn. Hende er stivfrosne. Det er også hendene til kona som har sete ved sidan av ektemannen i 15–20 minutt.

Halland og Sunde kjem seg ut på isen. Dei går ikkje samla, men har fleire meter mellom seg for å vere sikker på at ikkje isen gir etter.

Dei får laga til stroppa slik at Tor får den rundt seg og under armane. Deretter dreg dei han opp på isen. Først gir den første meteren av is etter, så han forsvinn ned att i vatnet. Etter litt kaving kjem han opp på eit stykke som er litt tjukkare. Han forstår han er redda, men har er svært kald. Det er framleis kritisk for han.

Tor Årsnes fortel om ulukka

STERK OPPLEVING: Tor Årnes seier han vil ut att på isen, men ikkje før han veit at den er trygg. No oppfordrar han alle som bevegar seg på islagde vatn til å ha med ispiggar eller tau.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

No blir lege og ambulanse tilkalla. Sunde får Tor med seg inn i bilen og køyrer opp på tunet. Inne i huset får han av seg dei våte og kalde kleda. Etter kvart kjem ambulansen og Tor blir frakta til sentralsjukehuset i Førde. Heime sitt Else og kan ikkje forstå kva ho har opplevd.

Det kjennest omtrent som ein var med i ein skrekkfilm. Det gjekk i sakte film. Det kjennest uverkeleg, seier Else når ho gjenfortel historia til NRK.

– Hadde det ikkje vore for dei to karane som kom der og då, så veit jo eg at det hadde vore over.

Når ho no ser ned på isen går tankane tilbake til hendinga. Ho følar framleis han skal forsvinne. Dei tankane vil ikkje gje seg.

No skal kleda han hadde på seg dumpast. Dei vil ikkje Else sjå att. Om ho skulle ha gjort noko annleis ville ho ha varsla naudetatane før ho gjekk ned for å hjelpe Tor.

Likevel vil ikkje Else høyre noko om at ho er ein helt.

– Heltane er dei to karane som køyrande. Utan dei hadde ikkje dette enda godt, seier ho.

Etter ei natt til overvaking på sentralsjukehuset kom Tor tilbake til Vassenden. No ber han innstendig om at folk held seg unna den usikre isen.

– Folk må ikkje finne på å gå utpå isen! Det kan gå så ille. Eg hadde berre flaks denne gongen, seier Tor.