Kona held Victor varm i sommarkulden

VASSENDEN (NRK): Ein kald og våt start på vestlandssommaren treng strengt tatt ikkje vere noko ulempe. – Eg legg meg nærare kona for å halde varmen, humrar belgiske Victor.

Victor frå Belgia

GLEDE: Victor frå Belgia storkosar seg i den våte og kalde vestlandssommaren.

Foto: Gunn Marte Tefre

Ekteparet kom gjennom Holland, Tyskland, Danmark og Sverige til Noreg. Etter nokre solrike dagar i aust la dei ut langs norskekysten og kom til Vestlandet. Våte Vestlandet.

– Vi var budde på dette. Folk bad oss ikkje vente sol kvar dag, så vi har pakka med oss både varme klede og regntøy, fortel Victor.

– Lovely, lovely, lovely

Dei har vore her i fire veker, og har tre veker att av ferieopphaldet.

Medan vestlendingane trålar nettet etter flybillettar og opphald i varmare strok, har ikkje det kalde og våte vêret lagt noko dempar på ferieopphaldet til Victor og kona.

– Nei, naturen er fantastisk sjølv om det regnar. Vi køyrde langs kysten til Preikestolen. Reiser ein til Noreg, så må ein til Preikestolen. Det var ein fantastisk tur. Vi har vore innom Hardangervidda og sett fjordane, fortel han og gjentek «lovely» fleire gonger for å skildre ferien så langt.

– Alltid smil, uansett

Finn Årdal og Egil Tefre

BLIDE: Egil Tefre fortel at turistane i svært liten grad let seg påverke av vêret vestlendingane er gått leie av.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Nokre dagar er det tre-fire grader, men med elektrisitet og bål går det fint. Elles legg eg meg nærare kona for å halde varmen, humrar han.

Egil Tefre ved Jølvassbu camping på Vassenden i Jølster seier dei fleste turistane ikkje ser ut til å vere like vêrsjuke som vestlendingane flest. Han har hovudsakleg tyske, belgiske og nederlandske turistar på besøk. Og dei sprudlar.

– Ein må hugse på at dei er på ferie, og alle som er på ferie er i godt humør. Det er stort sett smil å få uansett kor ille det regnar, eller kor lågt skodda ligg i tretoppane, seier han.

Spurte etter regn

Sommaren så langt står i sterk kontrast med dei strålande sommarmånadane vi hadde i fjor. Då var det derimot reaksjonar å få frå turistane, fortel Tefre.

– Vi hadde eit nederlandsk par som sat i sola dag etter dag etter dag. Dei etterlyste til slutt regnet. For det var det dei var fortalt skulle vere her, ler han og konkluderer med at turistane set pris på Noreg sjølv om det er både fuktig og kaldt.

Etter alle solemerke ser det ut til å halde fram slik den kommande tida, med vêrsjuke vestlendingar og sprudlande turistar.

Tendensar til opphald

Sjølv om statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli ser tendensar til opphaldsvêr.

– Sommaren kjem, men den kjem ikkje med det første. Eg er ikkje særskilt positiv med tanke på langtidsvarselet, seier han og fortel at det likevel er lysglimt.

– Gløymer ein starten på torsdagen, så er det tendensar til opphaldsvêr. Det gjeld også fredag. Då kan vente seg temperaturar opp mot 16–18 grader, men så er det venta pålandsvind frå nordvest. Og lågare temperaturar og bygevêr, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.