Hopp til innhold

Kompromiss i strid om 1. mai-parole

Det blir parole med Nei til fjorddeponi i 1. mai-toget.

1. mai-parole
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Det bestemte komiteen tysdag kveld då dei var samla for å skrive parolar.

Det har vore strid om parolen skulle vere ein del av 1. mai-markeringa i Førde. I kveld drøfta dei kritikken som kom mot parolen ”Nei til fjorddeponi”, der dei vart skulda for å motarbeide etablering av mange arbeidsplassar i Vevring.

Mellom anna Arbeidarpartiet, Senterpartiet og LO nekta å gå under denne parolen som er ein av fem hovudparolar.

Blir tona ned

No blir den likevel med, men ikkje som ein av dei hovudparolane.

- Det er eit kompromiss. Den blir tona ned, og blir plassert lenger bak i toget, seier Magne Aardal, som er medlem av 1. mai-komiteen og SV-ar.

Viktig med politiske ytringar

Han presiserer at dei ikkje dermed seier nei til arbeidsplassar, men at dei vil uttrykkje skepsis til fjord-deponiet. 1. mai-komiteen meiner at kritikken som er komme er både urett og urimeleg.

- Det er viktig at slike politiske ytringar får vere med, seier han.