NRK Meny
Normal

Fyll utrykking til brann i komposthaug

Det brenn no i ein komposthaug hos Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap (SIMAS) på Kaupanger.

SIMAS i Festingedalen i Sogndal

SIMAS: Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap har sitt anlegg i Festingedalen i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 0830.

– Vi fekk melding om halvmeter høge flammar inne på komposthallen. Meldar flytta ut maskiner og vi driv no på med sløkking, opplyser Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø.

Like før klokka 09 melde alarmsentralen at flammane hadde roa seg. Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg.

– Det er ganske kontrollert no. Vi er i gang med å kjøle og snu på komposthaugen, seier Holvik.

Ingen personar skal ha kome til skade i brannen.

Brann hos anlegg som driv kompostering er ikkje noko ukjent fenomen.

– Kompostering er jo ein prosess med varmeutvikling inne i komposthaugen, og då kan det sjølvtenne. Så blir det liggande å gløde og ulme, før det slår gjennom og tek til å brenne, seier Holvik.

– Og då kan det brenne lenge, legg han til.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå