Hopp til innhold

Leiteaksjon i skogen

Ei kvinne fall og pådrog seg eit komplisert beinbrot i fjellet ovanfor Stokkenes i Luster. Redningsaksjonen vart meir krevjande enn normalt.

stokkenes

– Det har teke lang tid. Kvinna låg veldig utilgjengeleg til i skogen, og vi sleit svært lenge med å finne ho.

Det seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Nils-Ole Sunde.

Måtte ned i skogen

– Det er berre to stader Sea-Kingen slit, og det er under vatn og i skogen, han.

Til slutt måtte helikopteret gje opp. Kvinna var ikkje å finne.

– Då måtte vi sette folk ned i skogen, og fly vekk med helikopteret, som laga mykje lyd. Saman med Røde Kors gjekk vi rundt i skogen og ropte på kvinna.

Komplisert beinbrot

Til slutt fann mannskapa kvinna, og fekk stabilisert det kompliserte beinbrotet.

– Mannskapa bar ho til ein stad der helikopteret kan lande. Akkurat no er kvinna i ferd med å fraktast til Førde sentralsjukehus, seier Sunde.

Etter det han kjenner til skal skadane ikkje vere livstruande.

– Men det er klart at eit komplisert beinbrot er svært smertefullt og vert opplevd som veldig alvorleg, seier redningsleiaren.