NRK Meny
Normal

Kompisgjeng i luksusbilar råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

Med bilar i millionklassen og foten godt plassert på gasspedalen råkøyrde den utanlandske kompisgjengen rett inn i UP sin laser.

Aston Martin råkøyrde i Sogn og Fjordane

EKSKLUSIV BIL: Ein kjent engelsk industridesignar vart teken i 137 km/t i denne Aston Martin V8 Vantage.

Foto: Privat

Følgjet på minst ni bilar blei observert av folk langs dei populære turistvegane frå Sogn til Nordfjord. Ein av bilførarane, ein 45 år gamal, engelsk industridesignar, blei målt til 137 km/t i 80-sona på E39 tysdag kveld.

Mannen har no har vedteke ei bot på 15 000 kroner. Han er også pålagt køyreforbod. Den 45 år gamle mannen får ikkje lov til å køyre i Norge dei neste 22 månadane.

Han må også få andre til å køyre den rådyre sportsbilen Aston Martin V8 Vantage ut av Norge.

Lotus råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

ORANSJE: Ein Maclaren var med i følget av sportsbilar.

Foto: Privat

Råkøyrde

Det var tysdag ettermiddag i femtida at det byrje å hagle inn meldingar til politiet i Sogn og Fjordane.

Eit følge av minst ni sportsbilar skal ifølge politiet ha føreteke hasardiøse forbikøyringar på Rv. 5 i Sogndalsdalen, i ein kø som oppstod grunna asfaltlegging.

Råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

GUL: Denne Lotus Elise var ein i rekkja av eksklusive superbilar i høg fart gjennom fylket.

Foto: Privat

– Frå Sogndal og til der dei vart stogga fekk vi mange meldingar, den siste då dei var godt inne i Våtedalen, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord.

Men på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane fortel folk om endå meir råkøyring.

Eit ektepar i Erdal i Lærdal skriv at dei observerte sportsbilane på veg ned dalføret. Sportsbilane kan altså ha køyrt fjellvegen frå Aurland til Lærdal før dei svinga nordover.

Røkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

RAUD: Ein Mercedes-Benz SL var også med i følget.

Foto: Privat

I det utanlandske følget skal det ha vore bilar som Mercedes SL, Porsche, Lotus og Aston Martin, ifølge politiet.

Politiet til aksjon

Politiet organiserte seg etter alle meldingane om utlendingane si ville ferd gjennom Sogn og Fjordane.

– Vi hadde ein UP-patrulje på Byrkjelo, slik at vi hadde dei dekka om dei svinga mot Nordfjord. Så fekk vi ein bil frå Førde i posisjon i tilfelle dei svinga mot Sunnfjord, seier operasjonsleiar Nord.

Patruljen på Byrkjelo fekk fangst på tre målingar med laser. Patruljen frå Førde kom fram tidsnok til å legge seg bak følget. Det var dei som gjorde målinga på den engelske industridesignaren i 137 km/t.

– Likar fart

I tillegg til industridesignaren frå England, vart tre menn frå England, Belgia og Monaco fødd i 1958, 1959 og 1991 målt til 106, 107 og 111 kilometer i timen, og fekk forenkla førelegg.

Industridesignaren som fekk køyreforbod hadde ikkje anna forklaring til politiet om råkøyringa enn at han likar å køyre fort.

Bilane stod parkert nord i fylket tysdag kveld. Industridesignaren måtte bli med politiet til lensmannskontoret på Skei i Jølster. Aston Martin-bilen han køyrde stod der medan han gjorde opp med politiet.

Seinare på kvelden kom også denne bilen til staden der dei andre superbilane stod.

Råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

SVART: Nissan GTR var med i følget.

Foto: Privat
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.