Hopp til innhold

Kompisar held rivaliseringa ved lag med veddemål kvart år

Det er ikkje berre i duellane bana og i tabellposisjon kompisane Rune Bolseth og Henrik Furebotn knivast. I fleire år har dei hatt eit veddemål gåande.

Det vart lite duellar mellom kompisane Rune Bolseth og Henrik Furebotn.

LITE: Det vart lite duellar mellom kompisane Rune Bolseth (t.v.) og Henrik Furebotn (i midten) då Sogndal møtte Hønefoss søndag.–Det var litt løyge å sjå han med Leiv Vidar på kassen i staden for Lerum og Sparebanken Vest, seier Furebotn.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I fem år var Henrik Furebotn og Rune Bolseth lagkameratar i Sogndal. Så reiste Bolseth til Hønefoss for å få eliteseriespel.

Søndag returnerte glopparen til Fosshaugane der han spelte fotball i 11 sesongar .

– Det var rart å gå inn i bortegarderoben, rart å spele mot gamle kjende. Det er jo alle folka her då. Svein Olav Haugen, Lægreid, banemannskap. Så såg eg jo kjende fjes på tribunen også, seier han.

Få kompisduellar

Eitt av dei mange kjende fjesa på bana var Sogndal-kaptein Furebotn. Men duellane dei imellom vart det så som så med. For Fosshaugane 1. april innbydde ikkje akkurat til storspel langs bakken.

Dermed skjedde duellane mellom kompisane stort sett på det verbale plan.

– Det var mest å sjå opp i lufta og ballen der. Det vart ikkje så mange duellar mellom oss, men vi hadde nokre småstikkarar til kvarandre i ny og ne, gliser Furebotn.

Har veddemål gåande

Kampen enda med poengdeling etter 90 mållause minutt. Uavgjort vart det også mellom dei to kompisane, som lenge har hatt eit veddemål gåande.

For Furebotn og Bolseth vil ikkje berre sjå på tabellen når dei neste gong skal terge kvarandre. Knivinga går også på kven som scorar mest mål.

– Han vann for to år sidan, og eg vann i fjor. No leiar han 1–0 i år, seier Bolseth som scora sju mål for Hønefoss i opprykkssesongen i fjor.

1–0 til Furebotn

På eit Harald Aabrekk-defensivt Sogndal-lag fann ikkje Furebotn vegen til nettmaskene i fjor.

På eit meir offensivt Sogndal-lag, starta årdølen med nettkjenning allereie i serieopninga då Odd Grenland vart slått 4–0 i Skien.

– Men han er straffetakar på Hønefoss, så han kjem vel til å byrje å filme etter kvart. Eg får passe opp, ler Furebotn.

Utelukkar ikkje Sogndal

Trass i den venskapelege terginga, utelukkar ikkje Bolseth at han og Furebotn blir lagkameratar igjen.

– Så lenge kroppen held, så har eg lyst til å spele nokre år til. Det er ikkje utenkjeleg at det er Sogndal, men det kan også bli Hønefoss eller andre. Tida vil vise, seier Bolseth.