Hopp til innhold

Mannen med grøne sko gjorde storeslem

Senterpartiet er den klare valvinnaren, medan Arbeidarpartiet gjer eit katastrofeval i nye Sogndal kommune.

Arnstein Menes

GRØNE: Sp sin ordførarkandidat Arnstein Menes seier skoa er kjøpt i Italia.

Foto: Lars Volldal / NRK

Arnstein Menes frå Balestrand vil truleg stå att som eit skuleeksempelet på brakvalet til Senterpartiet i kommunevalet i 2019.

Med heile 43,2 prosent av røystene ligg Menes an til å ta over ordførarklubba i nye Sogndal kommune for Senterpartiet. Det er ein framgang på 15,7 prosent sidan førre kommuneval.

– Dette er eit fantastisk resultat for oss, seier Menes.

Senterpartiet ligg an til å få kring 13 prosent av røystene nasjonalt i årets val. Menes meiner brakvalet kan skuldast klar tale.

– Vi har vore tydelege på kva vi vil med kommunen, seier han.

Ordførarkandidaten til Sp seier dei førebels ikkje har bestemt seg for kven dei vil samarbeide med.

– Vi skal ha ein prat med alle for å finne ut korleis vi skal løyse dette. Vi har fleirtal med eitt eller to parti, seier Menes.

Katastrofe for Ap

Langt verre er det for Arbeidarpartiet som får 16,1 prosent. Nedgangen frå førre val er nær like stor. Partiet går tilbake 15,1 prosent frå valet i 2015. Både Balestrand, Leikanger og Sogndal har Ap-ordførar i dag.

– Vi har hatt ordførar i 12 år, så då må ein rekne med slitasje. Vi har også hatt ein nominasjonsprosess som lugga, ordførarkandidat for Ap, Kjetil Kvåle.

– Det blir sagt at Sogndal kuppa nominasjonen og at Leikanger og Balestrand kom dårleg ut. Kva seier du til det?

– Det var eit fleirtal som røysta fram meg. Eg vil ikkje kalle det for eit kupp, seier Kvåle.

Nye Sogndal består av kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal.

SV vil samarbeide

Allereie kort tid etter at valresultatet er klart i Sogndal, så er SV ute på friarferd.

– Eg støttar Menes som ordførar, seier Vibeke Johnsen, som ynskjer å bli varaordførar i nye Sogndal kommune for SV.

SV får fire mandat i det nye kommunestyret.

– Senterpartiet kan velje frå øvste hylle, og der finn dei oss, seier Johnsen.

Partioppslutning i Sogndal

43,1 %
2716 stemmer
16,1 %
1014 stemmer
12,7 %
798 stemmer
10,1 %
637 stemmer
5,4 %
340 stemmer
5,2 %
330 stemmer
3,8 %
242 stemmer
3,5 %
222 stemmer