NRK Meny
Normal

Kommunestyret i Vik utsette hotell-sak

Kommunestyret i Vik usette torsdag handsaminga av hotellsaka. Eigarane har søkt om 500 000 kroner i årleg støtte i 10 år.

Frå baksida av Hopstock Hotell

UTSETTE HOTELLSAK: Vik kommune kan ikkje løyve så mykje pengar som dei nye eigarane av Hopstock hotell har søkt om.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Grunnen er at rådmannen kom med ei ny tilråding som gjorde at vi valde å utsette saka slik at kommunestyremedlemmene kunne få litt betre tid på å vurdere saka, seier Marta Finden Halset (Ap).

I denne nye innstillinga frå rådmannen går det fram at kommunen etter regelverket for statsstøtte ikkje kan løyve meir enn 1,7 millionar kroner over tre år. Dermed er det eit langt stykke igjen til fem millionane som initiativtakarane til det nye hotellet i Vik har søkt om.

Marta Finden Halset

TRENG HOTELL: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap) i Vik håpar dei kan finne ei løsying som gjer at igjen kan få hotell i kommunen.

Foto: Vik kommune

– Vi har ikkje noko andre alternativ å kome med, så vi får berre håpe at initiativtakarane kan få lån andre stader slik at vi får eit hotell i Vik igjen.

Utan hotell

Vik kommune har vore utan hotell sidan Hopstock hotell fekk omfattande skadar under ein brann i mai 2010.

No ynskjer eit nytt selskap å starte opp hotell igjen under namnet Blix hotell.

– Vi må no vurdere kva vi skal gjere. Det er mange bitar som må på plass. Støtta frå kommunen er berre ein av puslebitane, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik.

– Vi må finne ei løysing som er bedriftsøkonomisk forsvarleg.

Ordførar Marta Finden Halset seier at mangelen på hotell i bygda har vore eit stort sakn, og noko som mange har etterlyst.

– Difor er eg glad for at vi har gründerar som vågar å satse.

Glad for støtte

Jorunn Åsfrid Røyrvik

VIL STARTE HOTELL: Jorunn Åsfrid Røyrvik, i Blix Eigedom som står bak hotellplanane.

Foto: Privat

Også Røyrvik seier ho har opplevd at etterspurnaden etter eit hotell i kommunen har vore stor.

– Der er jo det som gir oss motivasjon til å halde fram, alle dei positive tilbakemeldingane og støtta vi har fått etter at vi byrja å jobbe med hotellplanane.

No skal hotellsaka først opp i til ny handsaming i formannskapet den 13. november, før kommunestyret får saka på sitt bord 20. november.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.