Kommunesamanslåinga kan gje skattesmell

FØRDE (NRK): Kommunar over heile landet er klare til å slå seg saman, men mange av dei kan få seg ein kalddusj når skattane skal fastsettast.

Kommunedirektør i Sunnfjord kommune Ole John Østenstad

UROA: Kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad, er uroa for korleis det skal gå når kommunen mistar inntekter frå eigedomsskatten. Kommunedirektør er frå 2020 den nye tittelen til rådmennene.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi kan miste 16 millionar kroner i inntekter kvar år, og det vil bli krevjande, seier kommunedirektør i den nye Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad.

Frå 1.1 2020 slår dei fire kommunane Jølster, Naustdal, Gaular og Førde seg saman til ein ny storkommune. Det er store skilnadar på kor mykje folk betalar i eigedomsskatt i dei ulike kommunane. I Førde er satsen 2,4 promille, medan han er 5 promille i Jølster.

Slik er det i mange kommunar som slår seg saman, og finansminister Siv Jensen har i Stortinget sagt at dei nye kommunane skal leggje skattesatsen i den mest folkerike kommunen til grunn.

– Vi tolkar finansministeren slik at det betyr at vi er nøydde til å leggje Førde sin skattesats til grunn, og for oss betyr jo det at det blir ein mykje lågare sats i heile den nye storkommunen, seier Østenstad.

Og det same vil skje i nye storkommunar som Kinn, Stad og Øygarden.

Kommunedirektør Østenstad fryktar kuttet skal gå utover tenestene til folk i kommunane.

– 16 millionar er ikkje småpengar. Det vil bety kring 25 årsverk for oss. Det vil bli veldig krevjande om vi lyt hente inn pengane gjennom innsparingar, seier han.

Østenstad understrekar at takstane på eigedom i Førde er gamle, og at reknestykket kan sjå annleis ut når det etter kvart kjem nye takstar.

Ingrid Heggø på Ap-talarstol

VIL LA KOMMUNANE BESTEMME: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø meiner at kommunane sjølv bør få bestemme kor mykje dei skal ta inn i eigedomsskatt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil la kommunane bestemme skatten sjølve

Det var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Ingrid Heggø som kravde svar frå finansministeren på skattereglane. Ho er ikkje eining i den måten å gjere det på.

– Eg trur eg tok regjeringa med buksa nede med det spørsmålet, for det verkar rett og slett ikkje som dei har tenkt så nøye igjennom dette her, seier Heggø.

Ho meiner at dei nye storkommunane sjølv bør kunne bestemme kva dei skal ta inn i eigedomsskatt.

– Det er lokalpolitikarane som veit kor skoen trykker i ein kommune og kva det er behov for å bruke pengar på. Då tykkjer eg det er rett og rimeleg at det er dei som bestemmer nivået på eigedomsskatten.

Helge André Njåstad i Førde

FORNØGD: Helge André Njåstad tykkjer det er gledeleg at folk i Sunnfjord kan ende opp med å betale mindre i eigedomsskatt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Jublar over lågare eigedomsskatt

Finanspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Helge André Njåstad, meiner lågare eigedomsskatt ikkje er noko å klage over. Han tykkjer det er gledeleg at folk i Sunnfjord kan ende opp med å få lågare skatt etter kommunesamanslåinga.

– Lågare eigedomsskatt betyr meir pengar igjen på lønningane for folk flest, og det er positivt.

Det er uansett ikkje slik at kommunesamanslåing alltid ender med lågare eigedomsskatt, og Njåstad meiner at å ta utgangspunkt i den mest folkerike kommunen er ein rettferdig måte å gjere det på.