Hopp til innhold

Kommunesamanslåing kan føre til kutt her

Helse Førde fryktar eit svekka tilbod dersom kommunar slår seg saman på tvers av fylkesgrensene og byter helseføretak.

Nordfjord sjukehus

HIT ELLER DIT: Tilbodet som i dag finst ved Nordfjord sjukehus er basert på innbyggjartalet som soknar til sjukehuset og helseføretaket. Forsvinn kommunar og folk nordover til eit nytt fylke vil det noverande tilbodet bli svekka, syner Helse Førde si eiga utgreiing.

Foto: Nyhetsspiller

– Viss fleire og fleire vil køyre forbi sjukehuset sitt, så er grunnlaget for å vidareutvikle det svekka. Det uroar meg sjølvsagt, seier direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Jon Bolstad

UROA: Jon Bolstad i Helse Førde ynskjer å vidareutvikle tilbodet ved Nordfjord sjukehus. Dersom ein eller fleire kommunar blir del at eit anna helseføretak kan det spøkje for ei slik framtid.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Dei fire Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy, Stryn og Hornindal er i forhandlingar om samanslåing med kommunar på Sunnmøre. Difor har dei bede helseføretaket om å undersøkje kva konsekvensane blir av ein eventuell overgang til Helse Møre og Romsdal. Biletet som vert teikna av Helse Førde syner risiko for kutt og store vanskar med å halde på dagens tilbod.

– Om folk sluttar å gå til nevrolog der, ikkje vil bruke øyre-, nase-, halstilbodet eller ta MR og røntgen der, så vil det få konsekvensar for volumet og drifta. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan ha kostbare tenester som ikkje er i bruk, understrekar Bolstad.

Friarane ser farane

Tilbodet ved Nordfjord sjukehus er dimensjonert etter kor mange innbyggjarar som høyrer til helseføretaket. I Selje er ordføraren klar over at ein storkommune som høyrer til nabofylket kan få store følgjer.

– Vi ser heilt tydeleg faren med at det tilbodet blir bygt ned, eller i verste fall lagt ned viss vi skiftar helseføretaksgrense. Vi ser det som utfordrande å kople oss mot St. Olavs i Trondheim kontra Haukeland i Bergen. Eg trur det er best å framleis vere under Helse Førde, seier Stein Robert Osdal (KrF).

Av innbyggjarane i Nordfjord er det flest stryningar som nyttar tenestene ved Volda sjukehus mest. Sett i høve folketalet er honndølene dei ivrigaste brukerane av sjukehuset på Sunnmøre. Likevel vil ikkje høgreordførar Sven Flo, i Stryn, byte helseføretak, sjølv om kommunen hans går inn i eit nytt fylke med eit anna helseføretak.

– Nei, vi har ikkje sagt at det nødvendigvis er det vi ynskjer eller skal ende opp i. Eg trur det løyser seg i forlenginga av regionreforma, seier Flo.

Sven Flo

VIL BLI: Frå januar til august 2015 nytta 443 stryningar seg av sjukehuset på Sunnmøre. Ordførar i Stryn, Sven Flo (H) er likevel klar på at han vil halde fram som ein del av Helse Førde.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ventar på avklaring

For samstundes som kommunane er oppmoda om å slå seg saman med ein eller fleire naboar, er det også ei stor regionreform på trappene. Får regjeringa det som dei ynskjer kan landet gå frå dagens 19 fylke til ti regionar. Flo trur Nordfjord og Sunnmøre i framtida vil vere i ein felles region.

– Eg trur, og er overbevist om at med dei tilboda som er på Nordfjordeid og i Volda, så vil dei to sjukehusa utfylle kvarandre i framtida.

I dag følgjer Helse Førde sitt område fylkesgrensa, men det er ikkje sikkert grensene for helseføretaka må samanfalle med fylkesgrensene i framtida. Helse- og omsorgsdepartementet har saka på sitt bord.

– Å gjere endringar for noko som eg opplever fungerer godt, og vi har til hensikt å utvikle vidare, det syns eg er litt trist, seier Jon Bolstad.