Hopp til innhold

Venstre stiller ultimatum til regjeringa

Flytt ut statlege arbeidsplassar eller mist støtta til kommunereforma. Det er den klare beskjeden frå Venstre til regjeringa.

Alfred Bjørlo

STILLER ULTIMATUM: Både sentalstyremedlem Alfred Bjørlo og stortingsrepresentant Sveinun Rotevatn er tydelege i meldingane til regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skal vi ta på alvor at kommunereforma skal vere ei reform som flyttar makt utover i landet, må utflytting av statlege arbeidsplassar følgje med. At det blir del av pakken er ei voldsomt viktig sak for Venstre, seier ein krystallklar Eid-ordførar, Alfred Bjørlo.

Han er ordførar i den største Venstre-kommunen i landet og sentralstyremedlem i partiet.

– Alle betalar, fleire må få

Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre samla seg om eit ultimatum til regjeringspartia Høgre og Frp: Skal Venstre støtte kommunereforma, må det kome ei storstila utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo.

Partikollega og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn stiller seg bak kravet.

Sveinung Rotevatn

STILLER KRAV: Sveinung Rotevatn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har merka at fleire fylkeslag forventar at regjeringa følgjer opp Stortinget si bestilling om å flytte ut statlege arbeidsplassar. Regjeringa kan ikkje drive å velje kva vedtak frå Stortinget dei følgjer opp og ikkje, seier Rotevatn.

– Kvifor er det så viktig å flytte ut statlege arbeidsplassar?

– Alle betalar for desse arbeidsplassane som skattebetalarar, og dei må ikkje ligge ein bestemt plass. Dessutan handlar det om demokrati, at ein spreier makt, og at ikkje alle som sit med viktige posisjonar i statsforvaltninga hentar ungar i same barnehage, svarar stortingsrepresentanten.

Rotevatn: Vekst offentleg = vekst privat

Førre storstila utflytting skjedde då Høgre-minister i Bondevik II-regjeringa, Victor Norman, flytta ut åtte tilsyn med om lag 900 arbeidsplassar til ulike byar og tettstadar. Rotevatn meiner konsekvensane utflyttinga den gongen viser at utflytting gir fleire fordelar.

– Det fører til vekst i privat næringsliv. Kompetansemiljø med høgt utdanna menneske trekker til seg folk med kompetanse til næringslivet. Folk kan gå mellom jobbar og sektorar.

Sentralstyremedlem Bjørlo er spent på om Høgre vil følgje opp frå Norman-tida.

– Den gongen var sentrumspartia pådrivarane. KrF og Venstre spelar ei nøkkelrolle. Sterke og konservative motkrefter vil halde dei statlege arbeidsplassane i Oslo.

Dei parlamentariske leiarane i Høgre og Framstegspartiet har ikkje vore tilgjengelege for kommentar.