Hopp til innhold

Kommunen tener - foreldra taper

36 småbarnsforeldre i Stryn taper kontantstøtte på til saman 120.000 fordi kommunen framskundar barnehageopninga med ein dag.

Ingvild Kvame med dottera Tuva taper 5600 kroner på framskundinga.
Foto: MMS-foto:Torbjørn Fardal / NRK

Dermed får kommunen ekstra statsstilskot, medan foreldra taper kontantstøtta si for august.

Dyr august månad

Det kan bli ein dyr august månad for småbarnsforeldra i Stryn som har fått og sagt ja til barnehageplass frå hausten. Kommunen opprettar 70 nye barnehageplassar, men framskundar opninga med ein dag, frå 1.august til 31.juli. Dermed får kommunen statsstøtte for heile juli. Men 36 småbarnsforeldre taper kontantstøtta for august månad. Det er underleg, meiner småbarnsmor Ingvild Kvame.  

- Hadde vi visst om det så hadde det ikkje vore noko problem. Men no blir det plutseleg 5600 kroner i minus på ein månad, og vi hadde ikkje rekna med at det skkulle bli så mykje.

Stryn tener 200.000 kroner

Kommunen får rundt 67.000 kroner i året i statsstøtte for eit barn under tre år. Altså håvar Stryn kommune inn over 200.000 kroner berre i juli månad. Kommunen gjer dette fullt lovleg, men Kvame meiner smottholet går ut over økonomien til småbarnsforeldra. Dessutan meiner ho kommunen ikkje har informert godt nok.

- Det har vore veldig dårleg informasjon, absolutt ingen informasjon.

- Visste ikkje om effekten

Skule- og kultursjef Arne B. Berge i Stryn  seier dei ikkje var klar over denne effekten.

- Eg føler ikkje at det er vår plikt å informere om kontanstøtte, for det er det trygdekontoret som har ansvaret for. Det einaste vi har ansvaret for er å rapportere talet på barn under tre år til trygdeetaten.

Men Berge seier at dei i Stryn kommune no må sjå nærare på denne saka.