NRK Meny
Normal

Kommunen tek no grep etter mobbesak

No vil Eid kommune tilsette assisterande rektor for å betre det sosiale miljøet ved Nordfjordeid skule, ifølge Fjordabladet.

Mobbing

MOBBING: Nordfjordeid skule visst om mobbing ved skulen i fleire år, utan å gjere det dei kunne for å stoppe det.

NRK fortalde tidlegare i vår om frustrerte foreldre i Eid som kjende seg svikta av Nordfjordeid skule, som ikkje tok grep om mobbesaker ved skulen. Kommuneleiinga og skuleleiinga la seg flate. No vil kommunen sete i gang fleire tiltak for å betre skulemiljøet.

Kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen seier til Fjordabladet at eit av tiltaka kommunen gjer, er å tilsette ein assisterande rektor ved skulen. Det for å styrke kompetanse og sikre det sosiale miljøet for elevane.

Ved skulestart skal dei også gå gjennom lovverket med alle rektorar i kommunen, og dei tilsette ved Nordfjordeid skule.

Fleire foreldre NRK snakka med i Eid, seier dei ikkje fekk hjelp då dei gjekk til skuleleiinga med saker der ungane deira opplevde å bli mobba:

Laster Giphy-innhold
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast