Hopp til innhold

Kommunen stoggar ikkje E16-arbeid

Statens vegvesen får likevel lov til å hente enorme mengder stein for å få fullført utbetringa av E16 over Filefjell.

Opna ny vegstrekning over Filefjell

FRAMDRIFT: Ordførar Jan Geir Solheim (t.v.) under opninga av den nye vegstrekkja over Filefjell. Med dagens vedtak blir det meir ny veg på fjellovergangen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I dag sa kommunestyret i Lærdal ja til søknaden om å hente ut 350 000 kubikk stein på Torvmo.

For under ei veke sidan sa formannskapet nei.

– Vi som kommune trengde å vite at vi gjorde ting rett, og utan å ta på oss for stort ansvar. Sjølv om det var Statens vegvesen så måtte vi behandle dette som om det var ein kven som helst grunneigar. Difor var det rett det vi gjorde, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Filefjell

VEGARBEID: Det går føre seg ei omfattande opprusting av E16 over Filefjell.

Foto: Jan Christian Jerving

Nøgd prosjektleiar

Med vedtaket i dag kan vegvesenet halde fram utbetringsarbeidet på Filefjell. Slik også tilrådinga frå rådmannen lydde.

Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Odd Erik Haugen.

NØGD: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd Erik Haugen, var ikkje overraska over vedtaket.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Steinen skal nyttast til å heve vegen to-tre meter over terrenget over fjellet.

– Dette var bra, men eg hadde ei magekjensle på at det ville gå bra. Eg hadde i utgangspunktet vanskeleg for å forstå vedtaket til formannskapet etter ein planprosess på eitt år, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen når NRK orienterer om vedtaket.

– No håpar vi å kunne starte sprenging av masseuttaket ut på hausten, legg han til.

Oppklaringsmøte

Eit negativt vedtak også i kommunestyret hadde gjeve vegvesenet store problem med å finne naudsynt masse. Både ordførar Solheim og Jan Olav Fretland (SV) seier det var naudsynt med oppklaringsmøte og ytterlegare informasjon frå vegvesenet.

Jan Olav Fretland

RETT: Jan Olav Fretland (SV) meiner det var avgjerande med meir informasjon om masseuttaket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han seier både dette og notat gjorde det lett for politikarane å semjast.

– Det stod ein del i tilrådinga frå sakshandsamaren som gjorde oss uroa. Formannskap og kommunestyre er planmynde og då har vi ansvaret. Vi nekta å godta eit framlegg til plan for dette området. Det gjorde at vegvesenet vakna og såg det ikkje var strokent alt dei hadde fått fram, seier han.

Ordførar gler seg

– Det er sagt at det ikkje er naturkvalitetar i området. Kvifor då skeptiske?

– Det eine er at det er 350 000 kubikk. Det er enorme masser. Du må vere heilt trygg for å seie ja til slikt.

Ordførar Solheim er glad for at framdrifta på arbeidet får halde fram.

– Det er veldig viktig. E16 er veldig viktig for Lærdal kommune og det er eit stort og flott prosjekt. Det er ikkje lenge sidan eg var der oppe og dei gjer ein fantastisk jobb i fjellet no. Eg gler meg til det står ferdig, seier han.