NRK Meny
Normal

Kommunen stiller opp med millionar

AURLAND (NRK) Kommunestyret i Aurland bestemte seg torsdag kveld for å gå inn med fem millionar kroner i eit spleiselag for Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

BLAR OPP FOR SKULEN: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Foto: Silje Immel Slettestøl

– Dette er ei løyving som vi gjer med glede, fordi det no er brei semje om at dette er ein skule som har livets rett, seier ordførar Noralv Distad (H).

Sogn jord- og hagebruksskule vart skipa i 1917, og har mange gonger vore truga av nedlegging. Skulen overlevde grunna ei omlegging til undervisning i økologisk landbruk.

Nedleggingsforslaget lagt dødt for godt

– Vi må sjå framover og difor fekk vi greidd ut saka som meinte at dette var ein skule som skapar verdiar for framtida.

Kommunen ynskjer å få lagt nedleggingsalternativet dødt ein gong for alle.

Før jul fekk forkjemparane for skulen ei gladmelding. På hovudutvalet for opplæring sitt møte vart det semje om at fylkeskommunen skal spytte i 20 millionar kroner til Sogn jord- og hagebruksskule. Det er kostnadsrekna at skulen i åra framover vil trenge opprusting for nær 80 millionar kroner.

– Når vi no gir dei fem millionane som vi no gjer, så vil vi og sørge for at det er fem millionar som syner igjen og sikrar eit betre tilbod i framtida

Har tru på framtida

Aurlandsordføraren er svært optimistisk med tanke på framtida for den økologiske skulen i Sogn.

– Det ser veldig lyst ut. Mange elevar søker til skulen, det er stor entusiasme blant lærarane og vi ser og at det ventelister til kurs i blant anna ysting.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote