Kommunen spanderte spriten

Enorme mengder alkohol vart levert ut gratis til mannskapa under Tall Ships Races i Måløy.

Champagnen på Tall Ships Races blir spretta
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Eg kan ikkje forstå at det skal gå an å bruke kommunale midlar på den måten. Då må det ha vore gjort ei spesiell løyving til det, og det kjenner ikkje eg til at det er gjort, seier Nils Myklebust i Senterpartiet.

60 liter sprit til middagen

Medan mannskapet på båtane under det såkalla "Crew party" fekk servert i overkant av 1500 liter alkoholhaldig cider og rusbrus, fekk offiserane 154 liter vin på sin fest. Alt saman spandert av Vågsøy kommune. Det vart også levert ut masse øl og vin til VIP-teltet, mediesenteret og det såkalla festteltet. Til ”Captains dinner” vart det levert ut 60 liter brennevin, 194 liter vin og 84 liter øl. Alt spandert av kommunen. Dette vitnar om totalt mangel på styring, seier Myklebust.

- Det viser berre at har har det vore mykje som det korkje har vore styring eller kontroll med, seier han.

1050 liter øl forsvann

I rapporten går det vidare fram at det har forsvunne 1050 liter øl og 44 liter brennevin. Dette blir rekna som svinn. Som forklaring på kvifor så store mengder alkohol er borte, blir det spekulert i om det har vore "utru tenerar" blandt dei frivillige eller om at det skjedd reine tjuveri av alkohol. Og det heiter mellom anna: "I ettertid ser det ut til en burde hatt profesjonelle til å ta seg av alkokolserveringen".

- Det burde sikkert vore brukt profesjonelle folk til veldig mykje under dette arrangementet, seier Geir Oldeide frå partiet Raudt.

Måtte truge med lensmann



Oldeide har heilt sidan juni jobba med å få utlevert dennne rapporten. Først då fylkesmannen oppmoda Oldeide om å be lensmannen om hjelp, vart papira utleverte.
- Eg blir irritert og lei meg fordi det tek så frykteleg lang tid, seier Oldeide.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.