Hopp til innhold

Kommunen går inn med nær to millionar i skisenter

Eit samrøystes Eid formannskap vil gå inn med 1,9 millionar kroner for å sikre vidare drift av Harpefossen skisenter.

Harpefossen skisenter

VIL PRIORITERE: Formannskapet i Eid meiner Harpefossen skisenter betyr så mykje for heile regionen at dei ønskjer å bidra i ein vanskeleg situasjon.

Foto: Jarle Tor Åsebø

– Harpefossen skisenter er eit fantastisk anlegg med store utviklingsmoglegheiter, og det er viktig, ikkje berre for Eid, men for heile regionen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Det har vore investert mykje pengar i anlegget i åra som har gått, men dei siste to sesongane har vore dårlege for skisenteret. Rekneskapen for 2013 synte eit underskot på 730.456 kroner. Prognosen for 2014 syner eit underskot på 1.632.931 kroner.

Skisenteret søkte difor Eid kommune om lån eller tilskot for å sikre vidare drift. Formannskapet har no innvilga søknaden.

– Vi har no tru på at samarbeid med eigarane, skisenteret og den enorme dugnadsinnsatsen, og andre aktørar rundt, kan få til eit framtidsretta driftsopplegg for Harpefossen. Det er det som gjer at vi no går inn og er med på eit opplegg som sikrar vidare drift av Harpefossen, seier Bjørlo.

Har aldri gjort noko liknande

Saka er ei innstilling frå formannskapet til Eid kommunestyre. Saka vert avgjort i kommunestyremøtet neste torsdag.

Men det er ikkje småpengar politikarane i Eid vil bruke på skisenteret. Nesten to millionar går med for å sikre drifta.

– Det er eit stort løft, og dette har aldri vore gjort før frå vår side. Det kjem heller ikkje til å bli kvardagskost framover. Men vi meiner at det er lagt eit så forpliktande grunnlag for vidare satsing frå alle partar si side, at vi er villige til å bli med, seier Bjørlo.

Han legg til at kommunen har veldig tru på utviklingspotensialet. Dei 1,9 millionane vert tekne frå kommunens reservefond.

– Det blir teke frå disposisjonsfondet vårt, som vi har ståande til spesielle tilfelle. Men dette løftet vil ta det meste av det vi har ståande på det fondet. Vi er ein kommune som ikkje har overflod av pengar, men dette er vi villige til å satse på, seier Bjørlo.

Han understrekar at dette også forpliktar dei andre partane.

– No må alle gi for at vi skal få til å drifte det som er eit fantastisk anlegg både til sommar- og vinterbruk, seier Bjørlo.

Har forplikta seg til omfattande dugnadsinnsats

Harpefossen hyttegrend, som eig mykje av hyttene i området går inn og tek eit betydeleg økonomisk løft.

– Eigarane av skisenteret har forplikta seg til ein omfattande, auka dugnadsinnsats i åra framover. Det vil redusere betydeleg dei løpande driftsutgiftene ved anlegget, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

POTENSIAL: Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner potensialet for Harpefossen skisenter er stort.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sparebanken Sogn og Fjordane er også ein av partnarane som har bidrege.

– Til saman meiner vi at vi har eit opplegg som gir rom for vidare satsing, seier Bjørlo.

Han har tru på at Harpefossen kan bli det første skianlegget i Norge som tilbyr såkalla cat-skiing, der ein vert dregen opp på utvalde fjelltoppar med tråkkemaskin, for så å ha guida frikøyring i urørt snø ned att.

– Eg trur det vil få både nasjonal og internasjonal merksemd når det kjem i gang, seier Bjørlo.

Han understrekar at Eid kommune ikkje kan vere ein garantist for vidare drift på skisenteret frå år til år.

– I dette tilfellet har vi valt å gjere det av to årsaker. Harpefossen har i alle år vorte drive godt, det er første gong vi må inn og gjere noko slikt. Det andre er at anlegget har stor betydning for Eid som buområde, seier Bjørlo.

Ser fram til å nullstille seg

Styreleiar i Harpefossen skisenter, Stein Bjørhovde, er svært glad for at Eid kommune finn pengar til å spytte inn i drifta av skisenteret.

– Dette var eit vere eller ikkje vere for vår del. Vi hadde ein katastrofal sesong i år, pluss at vi hadde eit etterslep med eit underskot frå i fjor. Både når det gjeld likviditet og eigenkapital så var vi avhengige av å få tilført pengar for å sikre vidare drift, seier Bjørhovde.

Harpefossen skisenter søkte kommunen om 1,9 millionar kroner, og det beløpet ser det ut til at dei får, så lenge saka går gjennom i kommunestyret.

– Vi er veldig nøgde med at vi får heile beløpet vi har behov for for å betale den leverandørgjelda som vi har opparbeidd oss, og kunne nullstille oss til ein ny sesong, seier Bjørhovde.

Kan gå i avgrensa periode

– Det er ei monaleg utfordring med å få på plass det driftsmessige både med tanke på å få tilsett folk, i tillegg til at avtalen legg opp til ein mykje større dugnadsinnsats iallfall i ein viss periode framover. Det blir snakk om å drive endå meir av det som har vore betalte tenester, på dugnad no, seier Bjørhovde.

Eigarane Haugen IL og Stårheim IL kjem difor til å gå inn med monaleg meir dugnadsinnsats for å drive anlegget.

Hen legg til at dette kan gå over ei avgrensa periode.

– Det kan gå for ein periode på eitt eller to år, men ei permanent drift som inneber uhorvelege mengder med dugnad, er ikkje realistisk. Då vil ein slite folk totalt ut, seier Bjørhovde.

Han peikar på at ein er avhengig av å komme tilbake til situasjonen som ein hadde for eit par år sidan.

– Då hadde vi ei fornuftig drift med ein del betalte stillingar og ein del som vart gjort på dugnad, og kompensert med skikort og liknande ting, seier Bjørhovde.

Har overbudsjettert

Han legg til at ein fram til før førre sesong hadde ei relativt god drift, samtidig som ein hadde pengar til å investere.

Han trur at med eit par gode sesongar, vil Harpefossen vere tilbake til slik det var før.

– Vi har nok overbudsjettert. Det er meir det at vi tek ned kostnadssida ein del, og at vi vert meir edruelege når det gjeld å budsjettere inntekter også, seier Bjørhovde.

Han legg til at ein ikkje kan budsjettere med vekst kvart einaste år, og at ein kanskje må klare seg med mindre inntekter enn kva ein har hatt dei fire åra før denne sesongen.

Treng å byggje ut utstyret for snøproduksjon

Skisenteret var i kontakt med kommunen allereie i mars, då dei fortalde om den krevjande økonomiske situasjonen i selskapet. Allereie då fekk dei positive signal.

– Det har vore nokre smådetaljar som har teke litt tid å få på plass, seier Bjørhovde.

Han understrekar at han ikkje pustar letta ut før saka er banka gjennom i Eid kommunestyre neste torsdag.
I tillegg er det nokre små detaljar som skal avklarast.

– Viss vi skal unngå å hamne i liknande situasjon, må det gjerast tiltak for å sikre snø. Då snakkar vi utbygging av snøproduksjon. Det er ein del ting som har med lånegarantiar og framtidige utbyggingar som må på plass, seier Bjørhovde.