– Kinn vil bli dyrare å drive enn Vågsøy og Flora kvar for seg, og vil bli fullstendig dysfunksjonell, seier ordførarkandidat for Raudt, Geir Oldeide.
Saman med Senterpartiet krev Raudt ny folkerøysting for eventuelt å få løyst kommunen opp igjen. Dette krev dei to partia for å skrive under på ein avtale om ny politisk leiing. Så langt har ikkje dei andre partia vore villige til å gå med på dette.
Årsaka til at Kinn er så omstridd er at den nye kommunen vil bestå av to ulike geografiske delar med Bremanger midt imellom. Den rike kraftkommunen Bremanger er invitert inn i ekteskapet, men har heile tida takka høfleg nei.
I ei folkerøysting frå juni i fjor sa vel 60 prosent av innbyggarane i Vågsøy nei til å slå saman kommunane. Likevel blir kommunane slegne saman.
– Mot det klare rådet frå innbyggarane i Vågsøy, har vi vorte tvinga saman med Flora. Kinn har ikkje livets rett og er ein gigantisk tabbe, seier Geir Oldeide.
Det er Arbeidarpartiet i Vågsøy og Kinn som har vore pådrivarar for å få på plass den nye kommunen. Partiet seier blankt nei til ei ny folkerøysting.
– Når vi hugsar korleis folk gjekk i skyttargravene og kor skarp tonen var sist, ser vi ingen grunn til ei ny folkerøysting. Eit fleirtal på Stortinget har vedteke Kinn. No må vi sjå framover, seier Ola Teigen (Ap).
Han er ordførar i Flora, og Ap sin ordførarkandidat i Kinn.
Det har vore forhandla nærast kontinuerleg sidan valnatta, men frontane er framleis like harde om kven som skal sitje ved roret i Kinn. Ingen tør spå kven som vil bli den nye ordføraren eller kva tid ei eventuell semje kan kome på plass.
– Vi har fått ein tillitsvotum som er ganske stort. Litt av utgangspunktet her er at foket si vilje, spesielt i Vågsøy, har vorte oversett. Dersom dei som meiner dette var ein så glup idé klarar å overtyde oss om at me tok feil, så skal me vere dei første til å innrømme det, seier Sp sin forhandlingsleiar, Nils Myklebust.