Kystkommune tente 120 millionar på flyktningar – no må dei kutte i drifta

FLORØ (NRK): Flora kommune har tent 120 millionar på mottak av flyktningar. Pengane er pumpa inn i drifta av kommunen. No må kommunar som Flora kutte fordi det kjem færre flyktningar.

Tidlegare Solbakken mottak i Florø

TOMT: Det tidlegare statlege mottaket i Flora har vore god butikk. No må Arild Melvær ved KF Innvandringssenteret konstatere at mykje av bygningsmassen ligg brakk.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Klart det har vore gode pengar å ha. Midlane har bidrege til det gode tenestetilbodet vi har i kommunen, seier Terje Heggheim, prosjektrådmann i nye Kinn kommune.

Vi er på det kommunale innvandrarsenteret i Flora. Flyktningar frå Eritrea går forbi på veg mot eit klasserom der dei får undervisning i norsk.

Læraren er 48 år gamle Abdullahi Mohamud frå Somalia.

– Flora kommune gjer ein svært god jobb for flyktningane, seier han.

Abdullahi Mohamud

UROA: 48 år gamle Abdullahi Mohamud frå Somalia jobbar som lærar ved KF Innvandrarsenteret i Flora. Han er uroa over at talet på flyktningar til kommunen har gått kraftig ned.

Foto: Bård Siem / NRK

Som rådmann i Flora i mange år har Terje Heggheim gnidd seg i hendene over alle millionane flyktningane har ført med seg. Til dømes i fjor fekk kommunen 71 millionar kroner i tilskot frå staten, og det vart busett 22 nye flyktningar.

Tidlegare har kommunen teke imot 60 nye flyktningar i året.

Sidan oppstarten i 1987 har Flora kommune pumpa 120 millionar kroner frå flyktningane inn i den ordinære drifta.

Solbakken asylmottak har vore ein del av det KF Innvandrarsenteret, og har bidrege til det store overskotet.

Norske kommunar tok i fjor imot 16,7 milliardar kroner frå staten for å ta imot flyktningar og asylsøkjarar. I 2019 merkar mange kommunar for alvor at Stortinget og regjeringa har stramma inn asylpolitikken. Det kjem langt færre flyktningar til Noreg. Dermed er det færre på mottak, og færre som skal busetjast ute kommunane. Då går også tilskota til kommunane kraftig ned.

Har fått 28 millionar dei to siste åra

Frå 1. januar 2020 blir Flora saman med Vågsøy nye Kinn kommune. Heggheim ser positivt på den nye kommunen, men er uroa over økonomien. Overskotet frå KF Innvandrarsenteret stuper etter at asylmottaket i fjor vart lagt ned. Mangel på asylsøkjarar var årsak til nedlegginga.

– Det er ikkje tvil om at bortfall av midlar frå innvandrarsenteret gjer at vi må spare inn på drifta, seier Heggheim. Dei to siste åra har flyktningane vore ekstra lukrative for kommunen, med eit samla overskot på 28 millionar kroner.

Terje Heggheim og Arild Melvær

BEKYMRA: Rådmann Terje Heggheim og Arild Melvær, dagleg leiar for KF Innvandrarsenteret, er kritiske til at dei ikkje får ta imot så mange flyktningar som tidlegare. Kommunen har busett 60 flyktningar årleg dei siste åra, men berre 22 i fjor.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser nedprioritering av flyktningane

Leiar for Innvandrarsenteret, Arild Melvær, påpeikar at kommunen har busett mange flyktningar i høve innbyggartalet, og at ein på den måten har oppnådd stordriftsfordelar.

– Vi har hatt ein stabil og dyktig arbeidsstokk. Drifta har vore effektiv, seier han.

Arild Melvær

GODE PENGAR: Arild Melvær, dagleg leiar for KF Innvandrarsenteret, kan konstatere at flyktningane har vore reine pengemaskinen for Flora kommune. Sidan 1987 har flyktningane gjeve eit samla overskot på 120 millionar kroner. 2017 og 2018 var dei beste åra, med eit samla overskot på 28 millionar.

Foto: Bård Siem / NRK

Har de kutta utgiftene og gjeve flyktningane eit dårleg tilbod for å få det mest mogleg økonomisk lukrativt for kommunen?

– Nei, tvert imot. Vi har alltid fått dei midlane vi treng til det faglege arbeid vårt, seier han.

Flora kommune har sidan oppstarten på slutten av 1980-talet teke imot nærare 1700 flyktningar. Om lag halvparten av desse bur framleis i kommunen.

Skal stille tydelegare krav

Jan Tore Sanner

SKAL REFORMERE: Integreringsminister Jan Tore Sanner (H) vil reformerer introduksjonsprogrammet.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Statsråd Jan Tore Sanner (H) meiner det er uproblematisk at enkelte kommunar tener store summar på flyktningar, medan andre går i minus.

– Nokre kommunar er veldig flinke og får til ein overgang til utdanning eller arbeid i løpet av tre år. Andre brukar kanskje fem år. Det betyr at nokre kommunar brukar meir pengar enn det dei får, medan andre brukar litt mindre.

Bør regelverket endrast?

– Vi reformerer heile introduksjonsprogrammet. Det er fordi vi ser at det er store skilnader mellom kommunane. Nokre får flyktningane vidare i utdanning og arbeid, andre lykkast ikkje så godt. Vi kjem til å stille mykje tydelegare krav til kommunane slik at vi får gode resultat.

– Korleis er det med etikken rundt dette. Er det greitt å tene på andre si ulykke?

– Det er å snu det fullstendig på hovudet. Dette handlar ikkje om å tene pengar på andre si ulykke, Det handlar om eit introduksjonsprogram som skal sikre at flyktingane kjem i arbeid, at dei får utdanning, lærer seg godt norsk og at dei blir ein del av små og store fellesskap.

Skal dekke utgiftene

Direktør for busetjings- og kvalitetsavdelinga i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), Halwan Ibrahim, fortel at integreringstilskotet skal sikre at kommunane får dekt utgiftene sine dei første fem åra i samband med mottak av flyktningar.

– Medan enkelte kommunar melder at dei går i pluss, melder andre at dei går i minus, seier han.

Kva kommentar har du til at Flora kommune har tent 120 millionar kroner på flyktningane sine?

– Dette er Flora kommune sjølv best eigna til å kommentere. Det er ulike oppfatningar kommunane imellom i kva grad dei får dekt utgiftene sine, seier han.

Halwan Ibrahim

ULIKE SIGNAL: Enkelte kommunar melder at dei går i pluss når dei tek imot flyktningar, medan andre hevdar dei går i minus, påpeikar Halwan Ibrahim, direktør for busetjing i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Foto: NRK

Vil ha fleire innvandrarar

Også i Gloppen har flyktningane vore økonomisk lukrative for kommunen. I fjor tok kommunen imot kommunen 31 millionar kroner frå staten for å ta imot flyktningar. Men sidan talet på flyktningar har vorte kraftig redusert, vil kommunen få berre 21 millionar i år.

– Dette gjer at vi må tilpasse tenestetilbodet vårt, seier ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) i Gloppen.

Leidulf Glopepstad og fltktning

KRITISK: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), meiner det er feil å stenge grensene for fleire flyktningar. Faisal Mohammed Hilowle (22) frå Somalia er i utdanning, og håper å få seg jobb i det norske helsevesenet.

Foto: Bård Siem / NRK

Ordføraren har forståing for at overføringane til kommunen blir redusert når det kjem færre flyktningar, men er kritisk til den kraftige innstramminga i innvandringspolitikken.

– Svært mange naudlidande treng hjelp og norske kommunar kan hjelpe. Apparatet er på plass, men regjeringa seier nei. Det er uforståeleg, seier Gloppestad.