Hopp til innhold

Kommunen har ikkje lytta til oss, meiner Fortidsminneforeininga

Fortidsminneforeininga meiner det har gått prestisje i saka om Vikenhuset, og at kommunen ikkje har lytta til dei. I dag starta rivinga av det gamle huset frå 1932.

I dag starta rivinga av det såkalla Viken-huset i Jølster, og dermed var ein 40 år gamal debatt avslutta. 
Kommunestyret bestemte riving i førre veke, trass i motstand.
Og reaksjonane er sterke på at huset no er på veg ned.

SJÅ VIDEO: Rivinga av Vikenhuset er i gong. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

– Vi er nær sjokkskada. Vi er veldig overraska, sjølv om vi har sett at politikarane i Jølster ikkje er interessert i dialog, og ikkje er interessert i å ta vare på huset. Dei har latt det gå prestisje i saka, men likevel er vi sjokkert over at dei har sett i gong rivinga i dag. Det seier generalsekretær i Fortidsminneforeininga, Ola Fjeldheim.

Fjeldheim seier Fortidsminneforeininga har vore tydeleg på at dei vil bidra i saka på ein måte som passar Jølster kommune.

Dei vil mellom anna ta all risikoen og alt ansvaret på å setje i stand bygningen og drifte den. Anten ved at kommunen eig og dei har ei avtale om å drive, eller at dei overtek bygningen.

Skulle få kome med innspel i november

Vikenhuset er i ferd med å bli rive

RIVING: I dag starta rivinga av det gamle Vikenhuset på Skei i Jølster.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I tillegg seier Fjeldheim at dei har tilbydd kommunen hjelp med Midttunet som det også er stort forfall på. Han seier difor at dei har tilbode kommunen ei pakke som er verdt mykje.

– Dette har dei altså valt å seie nei til, utan å la oss sleppe til for å gje dei det konkrete tilbodet, seier Fjeldheim.

I ein periode følte Fortidsminneforeininga at dei hadde ein god dialog med ordføraren. No er dei usikre på kor reelt dette var.

– Dei har sagt at vi kan kome med innspel til kommunestyremøtet i november, men så har dei no handsama det utan at dei har teke kontakt og latt oss sleppe til, seier Fjeldheim.

Det var tilfeldig at dei såg at saka var sett opp som orienteringssak. Dei tilbydde seg å endre planane og reise oppover, men fekk beskjed om at dette ikkje var nødvendig.

– Dei stengjer døra og vil ikkje høyre

Ikkje sidan Nordli-saka i 2007 i Sørum kommune har Fortidsminneforeininga vore borti noko liknande. No er det lite dei kan gjere for Vikenhuset.

– Det var jo huset vi var engasjert i, og no er det vekke. Det er ikkje så mykje å gjere. Vi har hatt dialog med kommunen heile tida og hadde kontakt med dei på måndag. Vi tilbydde oss spesifikt om å kome med skriftlege innspel og møte opp i kommunestyret. Vi fekk beskjed om at dette ikkje var nødvendig, fortel Fjeldheim.

Han meiner det beste hadde vore om politikarane hadde teke reell stilling til tilboda dei har kome med. Tilbod han meiner hadde vore verdifulle for Jølster kommune, samt spare eit kulturminne som no vert rive og berga eit anna som står til stort forfall.

– Det handlar i grunn ikkje om noko anna enn prestisje. Dei stengjer døra og vil ikkje høyre, og då stiller eg spørsmål om kor bra dette er for kommunen sine innbyggjarar. Dette er ikkje kommunen sitt beste, heilt klart, seier han.

– Uaktuelt å gje dei eit partsinnlegg

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, framfor Vikenhuset som i dag blir rive.

FERDIG MED SAKA: Ordførar Oddmund Klakegg seier saka har vore innom dei partane den skal, og at fleirtalet har vedteke at huset skal rivast.

Foto: Heidi Lise Bakke

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg seier dei har gjort alt som dei skal.

– Eg var på synfaring med fortidsminneforeininga i juni, og det vart avtalt at dei skulle skrive eit notat om det dei kom fram til. For å seie det slik, så tok det tid før det kom, og kommunen måtte purre på, seier Klakegg.

I juli utsette Fylkesmannen vedtaket Jølster kommune hadde gjort om å rive Vikenhuset. Kommunen ville setje i verk rivingsplanane, men Fortidsminneforeininga klaga rivingsvedtaket inn til sivilombodsmannen fordi dei meinte huset var verneverdig.

– Det er uaktuelt å gje Fortidsminneforeningen eit innlegg i kommunestyremøtet. Hadde fylkeskommunen sagt at dette skulle realitetshandsamast hadde det vore noko anna. Fortidsminneforeininga ber om eit innlegg, men det er ikkje vanleg på eit kommunestyremøte. Då måtte jo alle partar få kome med eit partsinnlegg, forklarar Klakegg.

Ingen innvendingar om vedtaket

Han seier at saka har vore innom alle instansar, og ingen har kome med innvendingar til vedtaket til Jølster kommune.

– I notatet frå Fortidsminneforeininga kan vi ikkje sjå at det er noko nytt som vi ikkje har teke stilling til før. Når verken fylkeskommune, fylkesmann eller sivilombodsmannen har innvendingar, så tolkar vi det at saka er godt nok behandla.

Klakegg trur at Fjeldheim sin påstand om at Fortidsminneforeining har fått førespegla å kome med noko til eit møte i november, er usann.

– Dei fekk epost om at saka kom opp. Saka vart reist i kommunestyre førre tysdag, og skrivet dei skulle kome med fekk vi dagen før. Dei hadde hatt tre månader på seg og rikeleg med tid. Saka har gått dei rundane den må gå, og det er ikkje kome noko vedtak som gjer at vi ikkje kan setje i gong rivinga, seier Klakegg.

– Ei tragedie for heile landet

– Det er ei tragedie for kulturminnevern i Jølster, Sogn og Fjordane og i heile landet. Her river ein eit kulturminne som alle faginstansar har rosa opp i skyene, både Riksantikvaren, Fylkeskommunen og Fortidsminneforeininga. Riksantikvaren seier det er eit sjeldan kulturminne og at ein vert fattig dersom ein på norske stader ikkje tek vare på slike markante arkitektoniske innslag som gir identitet. Det seier Hallvard Viken i Vikenhusets vener.

Han føler det er ærefullt å vite at han har vore med og kjempa til det siste for å ta vare på huset, og er takksam for støtta dei har fått.

– Eg veit at folk utanfor Jølster berre ristar på hovudet av at dette kunne skje, seier han.

Hallvard Viken

EI TRAGEDIE: Hallvard Viken meiner rivinga av Vikenhuset er ei tragedie for kulturminnevern i heile landet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK