NRK Meny
Normal

Kommunen delte ut gratis øl

NRK veit at det på eit såkalla shipsparty vart delt ut gratis øl til gjestar - på kommunen si rekning.

Øl til Tall Ships Races
Foto: NRK

Alkoholrekneskapen til arrangementert kan tyde på ein inntektsmanko på alkohol på 1,5 millionar kroner.

- Ukjent for meg

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Ordfører Roger B. Silden nektar for at han kjenner til at øl er blitt servert gjester for å blidgjere dei.

- -Det er heilt ukjent for meg, og eg kan ikkje seie noko om det. For meg er det heilt ukjent, seier Silden.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun vil ikkje kommentere saka utover det han har sagt før, men meiner det uansett er snakk om mindre mengder alkohol som alkohol som ikkje kan forklare den store mankoen i alkoholrekneskapen.

Minus i rekneskapen

Under seglskutefesten Tall Ships races vart det delt ut gratis alkohol til vanlege besøkande ved minst to høve.

Onsdag kom det fram at alkoholrekneskapen til arrangementet ikkje kan gjere greie for inntekter tilsvarande 1,5 millionar kroner.

Då sa rådmann Ørjan Raknes Forthun at det ikkje vart delt ut gratis alkohol,

Rådmann Ørjan Raknes Forthun
Foto: Håkon Eltvik / NRK

og at dette vil vere i strid med reglementet.

- I utgangspunktet skal det ikkje ha vore delt ut gratis øl. Det vil i så tilfelle vere brot på reglementet

Fekk øl for å bli glade

Men NRK veit at det ved minst to høve vart delt ut gratis øl til folk på seglskutefesten. På såkalla skipsparty der folk kunne vere med på segltur med mat og underhaldning var det til tider store problem med å få avvikla seglasane.

Då vart det delt ut halvliterboksar med øl på kommunen si rekning for å blidgjere gjestane.

Formannskapsmedlem Viviann Midtbø frå SV meiner det vil vere alvorleg om dette har skjedd.

- Det er alvorleg, det hadde ein ikkje lov til å gjere. Men vi kan ikkje gjere noko anna enn å vente på kva kontrollutvalet kjem fram til og om dei svarar på dei spørsmåla vi har, seier ho.

Tall Ships Races

Marit Nore Sørhaug frå Senterpartiet vil no ha greie på om kommunen har brukt store pengar på gratis alkohol.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.