– Ingen har døydd i Florø

– Ingen i Florø har døydd som følgje av manglande akuttberedskap etter at sjukehuset i byen vart lagt ned.

Jan Helge Dale

SENTRALSJUKEHUS: – Førde sentralsjukehus må styrkast understreka kommunelege og Ap-representant Jan Helge Dale i Flora bystyre.

Foto: NRK

Det sa kommunelge og Ap-politikar Jan Helge Dale då Flora bystyre tysdag tok stilling til Helse Førde sitt høyringsutkast til ny sjukehusstruktur i fylket.

Les også:

– Akuttberedskap i bøtter og spann

– Vi har akuttberedskap i bøtter og spann. Ingen har dødd i Florø på grunn av manglande akuttilbod etter at sjukehuset vart lagt ned, sa kommunelegen med klar adresse til dei som fører kampen for å behalde akuttilbodet ved lokalsjukehusa på Nordfjoreid og i Lærdal.

Under handsaminga i bystyret, som er referert i avisa Firda, fekk Dale støtte av KrF-politikar og tidlegare sokneprest, Odd Stubhaug:

«Ta ein tur til Florø og lær litt om ny tryggleik»

– Vi får nok aldri tilbake sjukehussengene våre eller fødeavdelinga. Men vi har likevel greidd oss! Kanskje bør ein og anna ta seg ein tur til Florø og lære litt om ny tryggleik, sa Stubhaug.

KrF-politikaren samanlikna sjukehusdebatten som rir fylket med den lokale skuledebatten i Flora kommune, der ein har måtte leggje ned skular fordi det ikkje lenger er elevgrunnlag.

– Det same er desverre tilfelle med sjukehusa, sa Stubhaug.

Dei store pasientgruppene

Jan Helge Dale, som i mange år kjempa for å behalde nærsjukehuset i Florø, har no komme til at fylket treng eit sterkt sentralsjukehus og er klar på at ein ikkje kan halde oppe eit sjukehustilbod tufta på andre samferdselsmessige og medisinske tilhøve enn dagens.

– I tillegg til sentralsjukehus treng vi eit tenleg og tilpassa pleie- og omsorgstilbod for dei store pasientgruppene, kronikarar, rehabilitering, førebygging og meistring. Dette vil bli ei kommunal oppgåve utanom helseføretaka, når samhandlingsreforma trer i kraft, sa Dale ifølgje Firda.

Flora bystyre vedtok å støtte eit sterkt sentralsjukehus i Førde.

Ps. Flora er einaste kommune i fylket som har opplevd sjukehusnedlegging på kroppen, etter at Høyanger sjukehus i si tid vart lagt ned tidleg på 1980-talet.